Ludvig Botnen

Ludvig Olai Botnen (27. mars 191029. april 1987) var ein norsk journalist og politikar frå Førde, busett i Florø. Stortingsrepresentant for Venstre 1961-69.

Ludvig Botnen
Fødd 27. mars 1910
Førde
Død

29. april 1987 (77 år)

Yrke politikar, journalist, redaktør

Botnen var son til ein gardbrukar i Angedalen i Førde. Han var frå 1931 journalist i avisa Firda og 1933 redaksjonssekretær i Hordalands Folkeblad i Norheimsund. Perioden 1934-42 var han redaktør i Firda Folkeblad i Florø. Jamsides var han 1936-38 lærar og 1939-61 styrar ved Florø handelsskule. På ny redaktør i Firda Folkeblad 1945-76

Periodane 1945-47 og 1952-61 var Botnen med i Florø kommunestyre, varaordførar 1954 og ordførar 1955-57 og 1969-61. Hausten 1961 var han Venstre sin fyrstekandidat til Stortinget og vart vald til representant både då og fire år seinare. Alle åtte tingåra var han medlem i Samferdslekomiteen.

Botnen var formann i Førde Mållag 1931-33 og Norsk bladmannalag 1942-52. Elles var han styremedlem 1938-45 i Sunnfjord Ungdomslag og 1948-63 i Sunnfjord Sogelag.

KjelderEndra

Stortingsbiografi