Ludwig Börne
Carl Ludwig Börne (6. mai 1786–12. februar 1837), òg kjend under namnet Juda Löb (Löw) Baruch, var ein tysk journalist, litteratur- og teaterkritikar. Han var ein av dei viktigaste politiske skikkelsane under Vormärz, opptakta til Marsrevolusjonen. Börne understreka tydinga av dei grunnleggande demokratiske rettane for samfunnsmessig og politisk endring. Han bidrog særleg til å utvikla kulturbilaget kalla feuilleton i tyske aviser. Börne blir rekna for å tilhøyra Junges Deutschland (det unge Tyskland), ei opposisjonell og litterær politisk rørsle som eksisterte gjennom den fyrste halvdelen av 1800-talet.[1][2]
Ludwig Börne | |
Statsborgarskap | Fristaden Frankfurt |
Fødd | 6. mai 1786 Frankfurt am Main |
Død |
12. februar 1837 (50 år) |
Yrke | skribent, lyrikar, litteraturkritikar, diktarjurist, journalist |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Ludwig Börne på Commons |
Liv
endreBörne voks opp som Juda Löb (også skrive Löw) i den jødiske gettoen i Frankfurt am Main. Han var det tredje av dei fem barna til bankieren Jacob Baruch (1763-1827) og kona hans Julie, fødd Gumperz (1762-1838).[2]
Etter å ha gått på gymnaset i Halle studerte Börne medisin, filosofi og samfunnsvitskap (tysk kameralistik), mellom anna i Heidelberg og Gießen.[3] Etter oppnådd doktorgrad tok han fatt på forfattarverksemda si.[4]
Under Napoleon sitt protektorat av Rhinforbundet (1806–1813) opplevde Börne betra rettar for jødane. I 1811 fekk han ei stilling i politiadministrasjonen (Oberpolizeidirektorat). Etter opphevinga av Rhinforbundet blei jødane fråtekne dei rettane dei nyleg hadde fått i 1815. Etter at franskmennene hadde trekt seg ut, mista han òg stillinga si. Det var ifølgje han sjølv «fordi eg var jøde». I 1818 nekta òg styresmaktene han å bruka namnet Ludwig Börne, som han hadde tatt for å ikkje skremma vekk ikkje-jødiske lesarar. Dette år konverterte han til kristendommen, men var framleis sterkt knytt til det jødiske oppvekstmiljøet sitt.[2]
Han gav ut tidsskriftet Die Wage. Eine Zeitschrift für Bürgerleben, Wissenschaft und Kunst (‘Vekta. Eit tidsskrift for borgarleg liv, vitskap og kunst’).[2]
Etter Heinrich Heine er Börne rekna som den mest betydelege forfattaren av jødisk opphav i Tyskland på 1800-talet. Börne og Heine møtte kvarandre i 1827, men forholdet deira blei sterkt motsetningsfylt. Heine skulda Börne for «nyttelaus radikalisme», medan Börne skildra Heine som «karakterlaus».[2]
Inspirert av julirevolusjonen i Paris flytta Börne til den franske hovudstaden i 1830. Derfrå korresponderte han med vennen sin Jeanette Wohl. Ho overtalte han til å la henne offentleggjera korrespondansen mellom dei, og gjorde det i perioden 1831 til 1834 I Brev frå Paris som kom ut i seks band i tida 1832–1834, kritiserte han forholda i Det tyske forbundet, og samanlikna det med dei friare forholda i Frankrike. Verket blei straks forbode i Tyskland, men var selt lenge før det kunne beslagleggast.[2]
Börne blei som følgje av sin poengterte og vittige skrivemåte sett på som ein vegvisar for den litterære kritikken. Publikum sette pris på den bitande satiren hans retta mot provinisialiteten i dei tyske småstatene. Den liberale opposisjonen likte den kompromisslause haldninga hans i høve til det undertrykkande regimet til Det tyske forbundet. Gjennom teater- og operakritikkane sine bidrog han sterkt til den borgarlege danninga i samtida. Börne blir rekna for å ha etablert den såkalla feuilleton, eit kulturbilag i tyske aviser.[2]
Arbeitsgemeinschaft Orte der Demokratiegeschichte reknar han for å vera blant dei ca. 100 viktigaste personar som i løpet av dei siste 200 åra har bidratt til danninga av demokratiet i Tyskland.[5]
Kjelder
endre- ↑ «Ludwig Börne» (på engelsk). Henta 10. mars 2022.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 «Börne, Ludwig | Frankfurter Personenlexikon». Henta 10. mars 2022.
- ↑ «Kameralismus - Enzyklopädie - Brockhaus.de». Henta 2. mai 2022.
- ↑ «Ludwig Börne - Enzyklopädie - Brockhaus.de». Henta 2. mai 2022.
- ↑ «100 Köpfe der Demokratie». Henta 23. juli 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Ludwig Börne» frå Wikipedia på bokmål, den 10. juli 2023.