Getto (italiensk ghetto) er ei nemning brukt om område, gjerne bydelar, der innbyggjarane har mange fellestrekk, men skil seg frå dei som bur rundt.

Historie endre

Nemninga blei først brukt på 1300-talet om jødekvartera i Venezia, der rike kjøpmenn og pengelånarar heldt til, og ikkje-jødar blei stengd ute. Også andre stader i Mellomalder-Europa fanst liknande gettoar der jødar budde avsondra frå andre bybuarar, frivillig eller under tvang.

 
Overfyld gravplass i Prahagettoen.

Ein bulle frå Pave Paul IV i 1555 tvinga jødar i Roma til å bu i ein getto som først blei oppløyst i 1870, som den siste av dei opphavlege gettoane. Pave Pius V oppmuntra andre byar til å oppretta liknande gettoar. Ettersom jødar blei forbodne å kjøpa land utanfor desse områda, kunne gettoane bli svært overfylde, og medan Venezia-gettoen hadde vore prega av rikdom, var mange andre gettoar fattige.

Nokre land, som Storbritannia, hadde ikkje gettoar, og oppmuntra jødar til å slå seg ned der. Andre land oppheva påbodet etter kvart som likskapstankane frå den franske revolusjonen spreidde seg. Innan den katolske kyrkja var det Pave Pius IX som enda påbodet om gettoar.

Gettoar i moderne tid endre

Tvungne gettoar endre

 
Vakter ved inngangen til Łódź-gettoen
 
Innbyggjarar i Łódź-gettoen.

Under den andre verdskrigen samla tyske nazistar jødar og andre folkegrupper, som sigøynarar, i gettoar i Aust-Europa, der mange fangar døydde av svolt. Innbyggjarar frå eldre gettoar i Mellom-Europa var nokre av dei første som blei tekne og sende til uttryddingsleirar.

Apartheidstyret i Sør-Afrika gjorde nokre bustadområde «kvite», nokre «farga» og nokre «svarte». Eitt av dei mest kjende av desse er Soweto i Johannesburg, som er kjend for fattigdom og valdskriminalitet.

I USA har det stadig blitt danna gettoar, både naturleg og ved hjelp av loven. Afroamerikanarar kunne berre bu i visse område, noko som framleis viser igjen på busettingsmønsteret i mange amerikanske byar.

Frivillige gettoar endre

Andre amerikanarar som har danna gettoar er nylege innvandrarar, både fordi dei gjerne ville bu blant sine eigne og fordi husvære som regel var billigare der. Som regel er desse gettoane blitt oppløyste ettersom folka der blei meir integrerte i samfunnet. Det finst likevel framleis nabolag i dei store immigrantbyane som er særleg prega av éi folkegruppe.

Ein type getto som finst over heile verda er Chinatown, ein hovudsakleg kinesisk bydel. På grunn av tette kulturelle band kan slike gettoar halda seg samla i fleire århundre.

Vidare tyding endre

I dag blir omgrepet getto brukt om mange stader der ein viss type menneske samler seg. Ein kan til dømes snakka om studentgettoar i studentbyar eller andre stader hovudsakleg berre studentar oppheld seg, eller om turistgettoar i sterkt turistifiserte område.