Ludwig Reichenbach

botanikar (1793–1879)

Heinrich Gottlieb Ludwig Reichenbach (8. januar 179317. mars 1879) var ein tysk botanikar og ornitolog.

Ludwig Reichenbach
Reichenbach Ludwig 1793-1879.jpg
FøddHeinrich Gottlieb Ludwig Reichenbach
8. januar 1793
Leipzig
Død17. mars 1879
Dresden
NasjonalitetRhinforbundet, Det tyske keisardømet
Områdenaturhistorie
Yrkebotanikar, karsporeplanteekspert, bryologist, zoolog, ornitolog, universitetslærar, entomolog, mykolog
InstitusjonarUniversitetet i Leipzig
Alma materUniversitetet i Leipzig
BarnHeinrich Gustav Reichenbach
MedlemDeutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina

Ludwig Reichenbach var son av Johann Friedrich Jakob Reichenbach, som i 1818 gav ut den første gresk-tyske ordboka, og far til Heinrich Gustav Reichenbach, som også var botanikar og ein anerkjend spesialist på orkidear.

Frå 1810 studerte Reichenbach medisin og naturvitskap ved Universitetet i Leipzig. Han var praktiserande lege frå 1818, og i 1820 blei han utnemnd til direktør for Dresden naturhistoriske museum og professor ved Medisinsk-kirurgisk høgskole i Dresden. Der blei han til 1862. Han blei seinare grunnleggjaren av den botaniske hagen i Dresden (Botanischer Garten der Technischen Universität Dresden), og bidrog til grunnlegginga av Dresden dyrehage. Dei zoologiske samlingane til det naturhistoriske museet blei nesten heilt øydelagde av brann i 1849, men Reichenbach bidrog til å erstatta henne innan få år. Denne samlinga er grunnlaget for dei noverande samlingane til museet.

Reichenbach var ein produktiv forfatter og ein dyktig botanisk illustratør. Arbeida hans er del av verka Iconographia Botanica Seu Plantae criticae (1823–1832, 10 bind.) og Handbuch der speciellen Ornithologie (1851–1854). Ved sitering av dei botaniske namna han er opphav til bruker ein gjerne forkortinga Rchb.

Lundfiol Viola reichenbachiana Jordan ex Boreau har namn etter Reichenbach. Skjellryggsolfugl blir på engelsk kalla Reichenbach's Sunbird, og på latin Anabathmis reichenbachii.

Sjå ògEndra

KjelderEndra