Ludwigshöhe er ein bitopp på Monte Rosa-massivet som med ei høgd på 4 341 moh. er den sørlegaste firetusenmeterstoppen i Sveits. Frå Ludwigshöhe greinar det seg ut ein sidekam mot sør som går over Schwarzhorn til Vincent-pyramiden og som med fortsettinga i Weißhornkamm deler Gressoneydalen frå Valsesia. Toppen er eit trippelpunkt mellom Valais, Aostadalen og Piemonte.

Ludwigshöhe
fjell
frå venstre: Zumsteinspitze, Signalkuppe, Parrotspitze, Ludwigshöhe, Corno Nero
Land  Sveits,  Italia
Fjellkjede Monte Rosa i Wallis-Alpane
Høgd 4 341 moh.
Primærfaktor 58 m ↓  Fiodejoch
Sekundærfaktor 0,7 km → Parrotspitze
Koordinatar 45°55′02″N 7°51′44″E / 45.91722°N 7.86222°E / 45.91722; 7.86222
Førstestiging Ludwig von Welden
 •  dato 25. august 1822
Kart
Ludwigshöhe
45°55′00″N 7°51′50″E / 45.91666667°N 7.86388889°E / 45.91666667; 7.86388889
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Ludwigshoehe

Den austerrikske militærkartografen Ludwig von Welden med følgje klatra den 25. august 1822 toppen for første gong. Han hadde berre oppmåling som føremål for turen. Sjølv om denne førsteklatringa ikkje blei særskilt akta på med ein gong, blei toppen seinare oppkalla etter Ludwig von Welden.

Litteratur

endre

Bakgrunnsstoff

endre