Signalkuppe eller Punta Gnifetti er eit fjell i Monte Rosa-massivet i Wallis-Alpane på grensa mellom Italia og Sveits med ei høgd på 4 554 meter over havet. Fjellet er kalla opp etter «Signalet», ein tind på austryggen.

Signalkuppe
Punta Gnifetti
fjell
Signalkuppe bak Zumsteinspitze. Margherita-hytta er så vidt synleg på toppen.
Land  Italia,  Sveits
Regionar Piemonte, Valais
Fjellkjede Wallis-Alpane
Høgd 4 554 moh.
Primærfaktor 102 m ↓  mot Dufourspitze
Koordinatar 45°55′38″N 7°52′37″E / 45.92722°N 7.87694°E / 45.92722; 7.87694
Lettast tilkomst brevandring via vestflanken og sørvestryggen (F)
Førstestiging Giovanni Gnifetti
 •  dato 9. august 1842
Kart
Signalkuppe
45°55′38″N 7°52′37″E / 45.927222222222°N 7.8769444444444°E / 45.927222222222; 7.8769444444444
Kart som viser Signalkuppe.
Kart som viser Signalkuppe.
Kart som viser Signalkuppe.
Wikimedia Commons: Signalkuppe

Toppen av Signalkuppe vart først nådd av Giovanni Gnifetti, ein sokneprest frå Alagna Valsesia, i lag med J. Farinetti, C. Ferraris, C. Grober, J. og G. Giordiano og guidar den 9. august 1842.

Den høgastliggande hytta i Europa, Margheritahytta (kalla opp etter den italienske dronninga Margherita av Savoie) ligg på toppen av fjellet. Ho vart bygd i 1890-1893 med støtte frå den italienske krona, og Dronning Margherita opna ho i 1893. Den nye hytta er kledd med kopar for å verne ho mot lynnedslag.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelde

endre
  • Dumler, Helmut and Willi P. Burkhardt, The High Mountains of the Alps, London: Diadem, 1994
  • Collomb, Robin G., (ed.), Pennine Alps Central, London: Alpine Club, 1975