Ludwigshöhe
(Omdirigert frå Ludwigshöhe i Monte Rosa)
Ludwigshöhe er ein bitopp på Monte Rosa-massivet som med ei høgd på 4 341 moh. er den sørlegaste firetusenmeterstoppen i Sveits. Frå Ludwigshöhe greinar det seg ut ein sidekam mot sør som går over Schwarzhorn til Vincent-pyramiden og som med fortsettinga i Weißhornkamm deler Gressoneydalen frå Valsesia. Toppen er eit trippelpunkt mellom Valais, Aostadalen og Piemonte.
Ludwigshöhe | |||
fjell | |||
Land | Sveits, Italia | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Monte Rosa i Wallis-Alpane | ||
Høgd | 4 341 moh. | ||
Primærfaktor | 58 m ↓ Fiodejoch | ||
Sekundærfaktor | 0,7 km → Parrotspitze | ||
Koordinatar | 45°55′02″N 7°51′44″E / 45.91722°N 7.86222°E | ||
Førstestiging | Ludwig von Welden | ||
- dato | 25. august 1822 | ||
Ludwigshöhe 45°55′00″N 7°51′50″E / 45.91666667°N 7.86388889°E | |||
Plasseringa i Sveits
| |||
Wikimedia Commons: Ludwigshoehe |
Den austerrikske militærkartografen Ludwig von Welden med følgje klatra den 25. august 1822 toppen for første gong. Han hadde berre oppmåling som føremål for turen. Sjølv om denne førsteklatringa ikkje blei særskilt akta på med ein gong, blei toppen seinare oppkalla etter Ludwig von Welden.
Litteratur
endre- Michael Waeber, Walliser Alpen. Gebietsführer, Bergverlag Rother, München 2003, ISBN 3-7633-2416-X
- Helmut Dumler, Willi P. Burkhardt, Viertausender der Alpen, Bergverlag Rother, München 2001, ISBN 3-7633-7427-2
Bakgrunnsstoff
endre- Ludwigshöhe på 4000er.de
- Ludwigshöhe på SummitPost