Luftmotstand

Friksjon frå gasspartikla i lufta som bremsar ei leikam si røyrsle

Luftmotstand er den bremsande verknaden til lufta på lekamar i rørsle eller tilsvarande vindkrefter på lekamar i ro. Det same prinsippet gjeld om ein lekam flyttar seg gjennom ei væske, og effekten vert då kalla væskemotstand.

Noko av luftmotstanden skuldast friksjon mellom overflata til lekamen og lufta som stryk langs han. Ein annan del av motstanden kjem av trykkskilnaden i lufta føre og bak lekamen. Bak lekamen blir det skapt virvlar og i virvlane er det undertrykk. Summen av trykkreftene på heile lekamen blir difor retta mot rørsleretninga. Luftmotstanden aukar sterkt med farten, og difor vil lekamar som fell, raskt få konstant fallsnøggleik, ein såkalla terminalfart. Ein fallskjermhoppar kan få ein fart på kring 50 m/s før skjermen er folda ut. Regndropar har ein fart i tilhøve til lufta på nesten null til bortimot 10 m/s, avhengig av dropestorleiken.

Motstandskrafta () som verkar på ein lekam som flyttar seg gjennom eit medium, gass eller væske, er gjeva ved formelen:

der:

Kjelder endre