Luftrot er ein type planterot som blir utvikla i lufta. Dei finst i mange ulike plantetypar, til dømes klatreplantar som eføy og giftsumak, epifyttar (plantar som gjerne veks på andre plantar) som banyan og tropiske orkidear, plantar som veks i tropiske kystsumper som mangrovar, og tempererte regnskogplantar som rata (Metrosideros robusta) og pohutukawa (Metrosideros excelsa).

Luftrøter hjå mangrovearten Avicennia marina.
Indisk banyantre med hengjande luftrøter i Kerala.

Luftrøter kan anten veksa nedover mot jorda, der dei veder eller forgreinar seg, eller ut i lufta, til dømes for å unngå vassmetta jord. Dei sistnemnde er dekte av ein fleirlaga epidermis, velamen, danna av døde og ofte luftfylte celler. Dei høvesvis stive celleveggane har ei mengd porer. Den vanlege oppfattinga er at velamen tener som absorpsjonsvev for vatn (ikkje vassdamp). Luftrøtene inneheld klorofyll, og grønfargen kjem tydeleg fram når vatn fortrenger lufta i velamen.

Kjelder

endre

«luftrøtter» i Store norske leksikon, snl.no.