Metrosideros robusta

Metrosideros robusta
Metrosideros robusta
Metrosideros robusta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Myrteordenen Myrtales
Familie: Myrtefamilien Myrtaceae
Underfamilie: Myrtoideae
Stamme: Metrosidereae
Slekt: Metrosideros
Art: M. robusta
Vitskapleg namn
Metrosideros robusta

Metrosideros robusta (engelsk Northern rātā) er eit tre i Metrosideros-slekta som er endemiskNew Zealand. Det er eit stort skogdannande tre som kan bli 25 meter eller meir. Det er typisk ein hemiepifytt som startar livet som ein epifytt høgt oppe i greinene til andre tre. Det omgjev gradvis vertstreet med røter heilt til det dannar ein massiv, ofte hol stamme danna av samanvaksne røter. På forstyrra mark, eller der det er hol i skogdekket, kan planten byrja livet på bakken og danna ein normal, men kortare stamme.

Utbreiing endre

Arten veks på Nordøya på New Zealand frå Te Paki i nord til Wellington i sør. Treet var tidlegare utbreidd, men er blitt sjeldan i store delar av sitt tidlegare utbreiingsområde. Til dømes finst det ikkje lenger i Hawkes Bay. På Sørøya er arten utbreidd frå Nelson til Greymouth og Hokitika. Den sørlege grensa for utbreiingsområdet ligg nær Mahinapua-sjøen ved 42°4′ sørleg breiddegrad.

Det naturlege habitatet er skog langs kysten og i låglandet. I nokre delar av utbreiingsområdet veks M. robusta i fjellskog. Tidlegare var arten eit hovudtre i ein skogtype kjend som rimu/rātā, saman med rimu (Dacrydium cupressinum).

Skildring endre

 
Blada til Metrosideros robusta har eit særmerkt hakk på tippen.

Metrosideros robusta er eit stort tre som lett kan skiljast frå andre artar i Metrosideros-slekta gjennom dei små, lêraktige, mørkegrøne blada sine. Dei er 25-50 mm lange og 15-25mm breie, og har eit særmerkt hakk i ytterenden.

Unge skot er vanlegvis rosa og dekt av fine, rustfarga hår som gradvis blir felte, men som ofte blir verande ved midten og basen av bladet. Blomane sit i grupper ved enden av greinene, og er danna av ei rekkje mørkeraude støvberarar. Treet blomstrar mest mellom november og januar, og frøa mognar i løpet av eit år eller meir. Borken er som regel brun eller gråbrun og ganske korkaktig. Han dannar eit godt grunnlag for røtene til epifyttiske plantar som artar av Astelia og for kiekie eller Freycinetia banksii. Veden er raudleg.

Vekstmåte endre

M. robusta byrjar ofte livet som ein hemp-epifytt, og det mogne treet kan derfor ha ein hol stamme stammen med diameter på opptil 4 diameter danna av røter som rammar inn rommet det tidlegare vertstreet fylte.

 
Rātā-blomar ved Mount Maungatautari.

Vertstreet til M. robusta er so, regel rimu, Dacrydium cupressinum. Tidlegare meinte ein at vertstreet blei drepe av epifytten, men det kan også vera at M. robusta berre kan etablera seg i tre som allereie er i tilbakegang.

Ein finn M. robusta i skogar med tre frå gultrefamilien og sørbøk-slekta (Nothofagus). Treet veks ofte saman med artart som rewarewa (Knightia excelsa), tawa (Beilschmiedia tawa), hīnau Elaeocarpus dentatus), kānuka (Kunzea ericoides), kahikatea (Dacrycarpus dacrydioides), kāmahi (Weinmannia racemosa), kohekohe (Dysoxylum spectabile), pukatea (Laurelia novae-zelandiae) og māhoe (Melicytus ramiflorus).

Trugsmål og konservering endre

Det største trugsmålet mot M. robusta er beiting frå pungrev (engelsk possum, Trichosurus vulpecula). Denne kan gjera stor skade gjennom å eta lauv, knoppar, blomar og unge skot på treet. I alvorlege tilfelle kan dette gjera at treet døyr i løpet av toår. Nokre stader har ein heilt mista treet på grunn av dette trugsmålet. Tilstanden har betra seg etter innsats frå konserveringsorganisasjonar som Project Crimson.

Hybridisering med slektningen pōhutukawa er eit anna trugsmål mot arten. Pōhutukawa har spreidd seg lenger sør enn treet opphavleg voks, og skaper problem der det også finst rātā - M. robusta eller Metrosideros umbellata. Andre trugsmål er felling av treet for ved og skogrydding for veg- eller anna byggjearbeid.

Dyrking endre

Treet spirer lett frå nye frø. Frøet taper raskt spireevne etter nokre veker eller om det får tørka ut. Stiklingar dannar ikkje røter lett, men ein kan få betre resultat om ein bruker rotskot.

Det er sleppt minst tre kultivarar av nordleg rātā.[1] Ein kjenner også til kultivarar som er hybridar av nordleg rātā og pōhutukawa (Metrosideros ×sub-tomentosa), og mellom nordleg rātā og sørleg rātā.[2] Nokre kultivarar er:

Namn År introdusert Blomefarg Introdusert av Meknad
M. robusta ‘Kawa Copper’ [1] 2001 Oransje-raud Deane Keir Koparfarga nye skot.
M. robusta ‘Krinkley’ [1] 1992 Oransje-raud - Variegert lauv med karakteristisk brett. Også seld som M. robusta ‘Tane’s Gold’ av Duncan & Davies i 1996 og M. robusta ‘Twistie’.
M. robusta ‘Rangitoto Island’ [3] - Skarlagensraud Graeme Platt Teken frå Rangitoto-øya.
M. ×sub-tomentosa ‘Hauparapara’¤ [2] Seint 1980-tal Oransje-raud Graeme Platt Teken frå Hauparapara-elva i Bay of Plenty.
M. ×sub-tomentosa ‘Mistral’¤ [2] - Mørk skarlagensraud Graeme Platt Teken frå CoromandelCoromandelhalvøya.
Metrosideros ‘Sentinel Flame’∞ [2] 2007 Sterkt raud[4] Graeme Platt / Vibrant Earth nursery Teken frå anten Great Barrier Island eller Nelson.

∞ Hybrid av nordleg rātā og sørleg rātā
¤ Hybrid av nordleg rātā og pōhutukawa

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Metrosideros in cultivation: Rātā and other species» (PDF) 13 (2). 2010: 11. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Metrosideros in cultivation: Pōhutukawa» (PDF). New Zealand Garden Journal 13 (1): 10–22. 2010. Henta 25. mai 2015. 
  3. «Metrosideros robusta 'Rangitoto Island.'». Vibrant Earth. Vibrant Earth. Arkivert frå originalen 23. januar 2015. Henta 16 June 2015. 
  4. «Metrosideros umb x rob 'Sentinel Flame'». Vibrant Earth. Vibrant Earth. Arkivert frå originalen 23. januar 2015. Henta 16 June 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Metrosideros robusta