Pōhutukawa

(Omdirigert frå Pohutukawa)
Pōhutukawa
Pōhutukawa
Pōhutukawa
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Myrteordenen Myrtales
Familie: Myrtefamilien Myrtaceae
Underfamilie: Myrtoideae
Stamme: Metrosidereae
Slekt: Metrosideros
Art: Pōhutukawa M. excelsa
Vitskapleg namn
Metrosideros excelsa

Pōhutukawa (Metrosideros excelsa) er eit eviggrønt tre i myrtefamilien. Det blømer praktfullt med ei mengd blomar som har talrike støvberarar. Blomane er som regel sterkt raudfarga, men kan også vera oransje, gule eller kvite.

Treet er naturleg endemisk for New Zealand, og veks helst i kystsona av landet. Det er velkjend for fargerikdommen sin og evna til å klamra seg fast og veksa på bratte klipper, og har ein viktig plass i newzealandsk kultur. Maoriar reknar det som eit hovdingtre (rākau rangatira).[1] Sidan det særleg blømer i siste halvdel av desember på den sørlege halvkula med strålande høgraude blomar har det òg fått tilnamnet newzealandsk juletre.

Ordsoge endre

 
Pōhutukawa ved sjøen.

Pōhutukawa er ein av tolv Metrosideros-artar som er endemiskeNew Zealand. Slektsnamnet Metrosideros er avleidd frå gamalgresk metra eller 'kjerneved' og sideron eller 'jern'.[2] Artsnamnet excelsa er frå latin excelsus, 'høgaste, sublim'.[3]

Pōhutukawa er eit maoriord, men blir også brukt på engelsk.[4] Det tyder 'stenka av sjøen'.[5] Namnet kan også visa til slektningane Metrosideros kermadecensis og Metrosideros bartlettii.[6] Det næraste ordet på andre polynesiske språk er po'utukavararotongesisk, om ein kystbusk med kvite bær, Sophora tomentosa.[7] Orddelen -hutu- kjem frå *futu, det polynesiske namnet på fiskegifttreet Barringtonia asiatica,[8] som har blomar som liknar dei til pōhutukawa.

 
Luftrøter

På engelsk er planten også kjend som New Zealand pohutukawa,[9] New Zealand Christmas tree,[10] New Zealand Christmas bush[11] og iron tree.[12]

Eit anna maorinamn på treet er kahika,[10] men dette kan også visa til andre treslag som bartreet Dacrycarpus dacrydioides, blomen til rātā-treet (Metrosideros robusta), M. fulgens, Leptospermum scoparium og Libocedrus plumosa.[13]

Utsjånad endre

Trea kan bli 15 til 20 meter høge med ei kuppelforma forgreining.[14] Stammane er ofte fleirdelte og kan verta opp til to meter i diameter, og røtene er tjukke og vridde. Somme eksemplar har samanfletta, fiberrike luftrøter. Blada er avlange og lêraktige med mørkegrøn, blåaktig farge på oversida.[14] Dei har eit tjukt lag kvite hår på undersida.[15] Blomane dannar kvitlege frøkapslar som inneheld store mengder tynne, brune frø.[14]

 
Blømande pōhutukawa

Blomar endre

 
'Aurea'-kultivaren av pōhutukawa har gule blomar.

Blomane til pōhutukawa er prega av ei mengd støvberarar som gjev dei eit børsteaktig preg.[14] Dei er som regel sterkt raudfarga, men kan også vera oransje, gule[5] eller kvite.[16]

Pōhutukawatrea blømer frå november til januar, med eit høgdepunkt i siste halvdel av desember, medan det er sommarden sørlege halvkula, med strålande høgraude blomar som dekkjer treet. Derfor har dei òg fått tilnamnet newzealandsk juletre. Det er variasjon i blømingstida til einskilde tre, like eins i sjattering og klårleik til fargane. I isolerte førekomstar har genetisk drift ført til lokale variantar: Mange av trea som veks kring innsjøar ved Rotorua dannar rosa blomar, og den gulblømande kultivaren «Aurea» stammar frå eit par tre som vart oppdaga på Motitiøya i Bay of Plenty rundt 1940.[5]

Utbreiing endre

 
Pōhutukawa ved Mount Maunganui.

Den naturlege veksestaden til trea er er i kyststroka på NordøyaNew Zealand, nord for ei linje mellom New Plymouth (39° S) og Gisborne (38° S),[17] der dei tidlegare danna eit ubrote kystbelte. Dei veks også på strendene til innsjøar i distrikta kring Rotorua.

Trea er kjende for å veksa på klipper, og er i stand til å få feste på vanskelege, nærmast vertikale stadar. Liksom slektningen på Hawaii, ʻōhiʻa lehua (M. polymorpha), har pōhutukawa vist seg tilpassingsdyktig, og veks godt på lavagrunn, dette er mellom anna tilfelle på Rangitoto, ei vulkanøy inne i Haurakigolfen.[15]

Bruk og kulturell tyding endre

 
Pōhutukawa på Lion Rock («Løveklippa») ved Pihastranda i Waitakerefjella.
 
Bilde av ei kvinne drapert i det newzealandske flagget med nasjonal flora og fauna rundt, inkludert pōhutukawa til venstre.

Tradisjonelt har maoriar hausta nektar frå treet og drukke henne. Honning frå pohukawatblomar skal ha høg kvalitet.[10]

Borken blei brukt til medisin.[5] Også tidlege europearar nytta han mot dysenteri og diaré.[14]

Det har sterk, tung ved som kan brukast til å laga båtar, hus og møblar. Nyleg felt tømmer kan lett bøyast og passer derfor særleg godt til båtbygging. Ein har laga ulike reiskapar av treverket, som støytarar, klubber, padleårer[10] og gravereiskapar.[14] Veden eigner seg også godt som brensel.[10]

Også fuglar som kaka, tuihonningetar og maorihonningetar drikk nektaren frå blomane. Mange fuglar kan bruka dei hole stammane til å byggja reir i.[18]

Einskildtre endre

Eit stort pōhutukawatre ved Te Araroa på austkysten gjer krav på å vera det største i landet, med ei høgde på 20 og ei vidde på 38 meter.[14] Alderen til treet er estimert til om lag 300 år, og det har fått namnet Te Waha o Rerekohu.[14]

Eit anna viktig pōhutukawatre er eit heilag tre på Cape Reinga heilt nord på New Zealand. Dette treet skulle føra andene til dei daude over til den neste verda.[5]

Ifølgje maorisoger blei Tainui-kanoen frå den store maorimigrasjonen fortøya til eit tre i Kawhia Harbour. Dette treet er blitt identifisert som Tangi te Korowhiti, eit fleire hundre år gammalt tre som i nyare tid er blitt truga av brann[19] og sjukdom.[20]

Pohutukawa i moderne kultur endre

Den newzealandske forfattaren Bruce Mason skreiv skodespelet The Pohutukawa Tree om kampen mellom tradisjon og det moderne symbolisert gjennom eit gammalt pōhutukawatre. Diktaren Lauris Edmond skildrar treet i diktet «Pohutukawa», som har opningslinjene:

Red; blood red. Crimson wreaths upon
the branches' royal architraves; stained-
glass sun, sharp against the harbour.[13]

Trugsmål og vern endre

 
Daud pohutukawaskog på Whakaari/White Island.
 
Unge tre i Stony Batter verna frå beitedyr med tregjerde.

På 1990-talet var bestanden av pōhutukawa på New Zealand redusert med over 90 %.[1] Trea er truga av den innførte pungreven (på New Zealand kalla possum, Trichosurus vulpecula) som et opp lauva[1] og knoppane.[16] Over tid fører dette til at trea døyr.[14] Vidare kan beiting frå innførte husdyr som kveg, sauer og geiter hindra småtre frå å etablera seg.[16] Andre innførte artar som hindrar spiring er mattedannande gras som kikuyu (Pennisetum clandestinum).[16] Utbygging av kysten, vegutviding, rydding av vegetasjon, skogbrann og andre menneskelege faktorar truger også trea.[16]

På 1990-talet såg framtida til treet på New Zealand svart ut. Ein miljøvernorganisisasjon, Project Crimson, blei oppretta med det målet å snu tilbakegangen til pōhutukawa og andre Metrosideros-arter ved nyplanting og kontroll av invasive artar.[18]

Dyrking og forvilling endre

 
Stort pōhutukawatre på Asorane.
 
Metrosideros excelsa 'Aurea' i San Francisco.
 
Gulblomstrande pōhutukawa i Wellington.

Pōhutukawa er eit populært prydtre, og der er store eksemplar i dei fleste kystbyane på Nordøya. Det finst også ei rekkje ulike variantar og kultivarar.

Treet har ein kraftig vokster, og er lett å få til å gro, og det greier seg godt sør for den naturlege grensa si. Det har vorte eit naturalisert tre i Wellingtonområdet og nord på Sørøya. Pōhutukawa har vorte innført til andre land med eit mildt eller varmt vêrlag, mellom anna sør-vestlege delar av Australia, og det veks no vilt på Norfolk Island. Det spreier seg også på klipper i Sydney-regionen i Australia.

På kysten av California er det eit populært tre i gater og parkar, men er blitt skulda for å øydeleggja kloakksystem og fortau med røtene sine.[21] I somme område av Sør-Afrika veks pōhutukawa så godt at treet vert rekna som ein invasiv art i det naturlege fynbos-landskapet.[5]

Treet veks i Spania så langt nord som La Coruña,[22] der det veks eit fleire år gammalt tre som er blitt eit symbol for byen.[5] I England har pōhutukawa tolt temperaturar så låge som -7,3º C (i Tresco på dei vanlegvis milde Scillyøyane).[23]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «The Hauraki Gulf Marine Park, Part 2». Inset to The New Zealand Herald. 2 March 2010. s. 5. 
  2. Donald R. Hodel; Paul R. Weissich. «Trees in the landscape, Part 5: Metrosideros polymorpha» (PDF). 
  3. «About The Trees». Project Crimson. 
  4. «pohutukawa». OED. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 «Metrosideros in cultivation: Pōhutukawa» (PDF). New Zealand Garden Journal 13 (1): 10–22. 2010. Henta 25. mai 2015. 
  6. «pohutukawa». maoridictionary.co. 
  7. Polynesian Lexicon Project Online, entry *poo-futu-kawa
  8. «Entries for FUTU [AN] Fish-poison tree (Barringtonia asiatica) | Polynesian Lexicon Project Online, entry *futu». pollex.org.nz. Henta 6. juni 2015. 
  9. Schmidt-Adam, G.; Young, A.G.; Murray, B.G. (2000). «Low outcrossing rates and shift in pollinators in New Zealand pohutukawa (Metrosideros excelsa; Myrtaceae)». American Journal of Botany 87 (9): 1265–1271. doi:10.2307/2656719. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 «Māori Plant Use Database». 
  11. Simon Cordingley and Claire Petherick (2005), Vegetation Management Plan Henley Beach to Tennyson Coastal Reserve (PDF), City of Charles Sturt, arkivert frå originalen (PDF) 25. april 2018, henta 4 January 2016 
  12. Pests in Gardens and Landscapes, University of California Agriculture and Natural Resources, henta 4. januar 2017 
  13. 13,0 13,1 «Hutukawa, Pōhutukawa». Te Māra Reo. 
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 14,5 14,6 14,7 14,8 «Native Plant Information». Trees for Survival. Arkivert frå originalen 21. februar 2008. Henta 13. mars 2007. 
  15. 15,0 15,1 «Tall broadleaf trees – Pōhutukawa». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 7. januar 2011. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 16,4 «Metrosideros in cultivation: Rātā and other species» (PDF) 13 (2). 2010: 11. 
  17. Simpson, Philip G. (1994). Pohutukawa and Diversity (PDF). Conservation Advisory Science Notes No. 100 (Department of Conservation). s. 3. ISSN 1171-9834. 
  18. 18,0 18,1 [hhttp://projectcrimson.org.nz/wp-content/uploads/2016/05/Pohutakawa-Fact-Sheet.pdf «POHUTUKAWA»] (PDF). Project Crimson. 
  19. «Sacred pohutukawa torched, unlikely to live». NZ Herald. 28. november 2005. 
  20. THOMAS MANCH (6. juni 2017). «Myrtle rust could hit sacred pohutukawa in Kawhia». Stuff.co.nz. 
  21. Scott James (27 August 2010). «A Green Idea That Sounded Good Until the Trees Went to Work». The Bay Citizen. 
  22. «New Zealand Plants Overseas». Henta 13. august 2008. 
  23. «Metrosideros excelsa in England» (PDF). Henta 13. august 2008. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pōhutukawa