Evangeliet etter Lukas
Evangeliet etter Lukas er eit av dei synoptiske evangelia og er i den kanoniske rekkefølgja den tredje boka i Det nye testamentet. Boka inneheld mellom anna Juleevangeliet.
Både språklege og teologiske fellestrekk viser at Lukas-evangeliet (Luk) og Apostegjerningane Apg har same forfattar. Evangelisten Lukas vert symbolsk framstilt som ein okse med eller utan venger.
Datering
endreSom for dei tre andre evangelia er dateringa av Lukas-evangeliet usikker. Ho er avhengig av dateringa av Markus-evangeliet, som Lukas kan ha brukt som kjelde, og av Apostelgjerningane, som er skrivne etter evangelieteksten som eit framhald til denne. I vanleg historisk-kritisk bibelforsking vert Markus-evangeliet datert til ca. år 70 e.Kr., og Apostelgjerningane til eit år mellom 80 og 100 e.Kr.. Evangeliet etter Lukas må då ha vore skrive i tidsrommet 75-100 e.Kr. Etter ein meir konservativ tradisjon vert evangeliet datert til åra 40-60 e.Kr.
Opphav
endreSom for dei andre evangelieskrifta er også opphavsmannen til Lukas-evangeliet ukjend. Det er ikkje heilt korrekt å kalle han «forfattar». Skrivande redaktør er ei rettare skildring av rolla hans, slik han sjølv skriv i innleiingsversa: «Mange har freista å skriva opp det som hende hjå oss, slik vi har fått det oppgjeve av dei som frå fyrste stund var augnevitne - - - eg har sett meg føre at eg vil skrive det opp for deg i samanheng.»
«Det er alt mange som har teke seg til aa setja upp ei fraasegn um dei hendingarne som hev gjenge fyre seg hjaa oss, so som dei hev bore det fram dei som fraa fyrsten var augnevitne og ærendesveinar aat ordet. Difor hev eg og sett meg fyre at eg vilde granska alt vel fraa grunnen, og so skriva det upp aat deg, gjævaste Teofilus - , stykke for stykke, soleis som det heng saman, so du kann sjaa kor truverdig ho er den soga som du hev høyrt.»
|
Opphavsmannen hevder altså ikkje sjølv å vere augnevitne, men å vere ein formidlar av eksisterande overleveringar. I følgje tradisjonen er opphavsmannen lækjaren Lukas, som mellom anna er nemnd i Kol 4.14. Tradisjonen vert styrkt av det lærde språket i evangeliet, og at dedikasjonen i innleiingsversa har fellestrekk med medisinske læreboker frå oldtida. Men desse trekka har evangeliet òg til felles med historiebøker frå oldtida, og mange vil karakterisere forfattaren som ein historikar - ein som gjer greie for hendingane slik dei har skjedd.
Innhald
endre
|
|
|
|
Karakteristikk
endreDen språklege stilen er lærd. Jesu liding, død og oppstode står i sentrum. Formålet er å fortelje historia om Guds frelsande handlingar på ein måte som overtyder mottakaren slik at han trur det han høyrer eller les. Han fortel ei historie som Guds plan; eit drama med Jesus Kristus og læresveinane hans i sentrum. Guds plan er skandaløs – Jesus er stadig i selskap med samfunnets utskot, slike som tollaren Sakkeus (Luk 19,1-10). Kvinner har ei viktig rolle som disiplar, han omtaler til og med ei profetkvinne (Luk 2,36). Skandalens høgdepunkt er avrettinga av hovudpersonen, Guds son, som utstøytt og vanhelga.
Lukas tar i sitt evangelium med dei fleste av dei forteljingane som finst i Markus-evangeliet, men føyer til ein del nytt materiale, blant anna forteljinga om Jesu fødsel, det såkalla Juleevangeliet (Luk 2,1–20).
«Nei, nar du gjer gjestebod, so bed fatige, kryplingar, halte, blinde! Daa vert du sæl; for dei hev ingen ting aa gjeva deg att, men du faar lika for det naar dei rettferdige stend upp att.»
|
Ifølgje bibelforskarar er det truleg at Lukas hadde to skriftlege kjelder, dels Markusevangeliet, dels ei tapt samling med jesusord, som vert kalla Q-kjelda. Andre forskarar har påstått at Lukas gir kvinner ei meir sentral rolle i historiene enn dei andre evangelistane.[1] Forskarane er også samde om at Lukasevangeliet mest truleg er skrive i eit gresk miljø.[2]
Målgruppe
endreForfattaren stiller skriftet til Teofilus – eit gresk namn som tyder «den som elskar Gud». Dette kan forståast på to måtar: Det kan vere ein mann ved namn Teofilus (som ikkje var uvanleg), eller det kan forståast symbolsk; at Teofilus er eit akronym som omfattar alle dei som vil ta imot bodskapen skriftet ber med seg.
Kjelder
endreReferansar
endreBakgrunnsstoff
endre