Opna hovudmenyen

Lul Krag (7. februar 18789. juli 1956) var ein norsk målar. Ho måla portertt og landskap, og er særleg kjend for motiva sine frå Rosendal.

Lul Krag
Fødenamn Karen Marie Krag
Fødd 7. februar 1878
Kongsberg
Død

9. juli 1956
Oslo

Yrke kunstmålar

Karen Marie Krag var fødd i Kongsberg som dotter av oberst Ole Krag (1837–1916) og Kaja (Karen Elise Theodora) fødd Collett (1844–1926). Peter Collett (1766–1836) var oldefar hennar, Herman Krag (1920–82) var ein nevø.

Krag byrja å måla i tjueårsalderen. Ho var elev av Harriet Backer ca. 1905 og av Christian Krohg, Lucien Simon og Hélène-Olga Boznansk i Paris 1908–10. Ho blei også sterkt inspirert av kinesisk kunst og filosofi.[1][2]

I 1933 slo Krag seg ned i Rosendal, og blei verande der i tjue år. I 1954 flytta ho attende til Oslo, der ho døydde to år seinare.

Senere ble de gitt til Kvinnherad kommune og henger nå i Rosendal samfunnshus.

Ho er representert med fleire verk ved Nasjonalgalleriet, som Løvtrær og kirke, Blomster i parken, Fjell med bre[2] og Elisabeth Dybwad.[1]Alleen og Snefjell tilhøyrer Bergen Kunstmuseum. Fleire veggfelt av Lul Kra heng på Rosendal samfunnshus, medan Baroniet mellom roser og fjell høyrer til Baroniet Rosendal.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Lul Krag». Store norske leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 16. september 2017. 
  2. 2,0 2,1 Alfsen, Glenny. «Lul Krag». I Helle, Knut. Norsk biografisk leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 16. september 2017.