Opna hovudmenyen

Harriet Backer (21. januar 184525. mars 1932) var ein norsk kunstmålar som blei velsedd medan ho endå levde og var ein banebrytar for kvinnelege kunstnarar i Skandinavia.

Harriet Backer
Christian Krohg-Harriet Backer.jpg
Fødd 21. januar 1845
Holmestrand kommune
Død

25. mars 1932
Oslo

Yrke kunstmålar
Harriet Backer på Commons

Backer var fødd i ein velståande familie i Holmestrand. Tolv år gammal flytta dei til Christiania, der ho fekk undervising i teikning og måling av mellom anna Jacob Calmeyer og Johan Fredrik Eckersberg.

Harriet Backer reiste mykje i Europa saman med systera, pianisten Agathe Backer-Grøndahl, og tok då vidare undervising. Etter kvart studerte ho i Paris og München der ho blei sterkt påverka av impresjonismen. Verka hennar er likevel hovudsakleg realistiske i utforming. Backer høyrde til aldri noko særskild målarskule, men var sterkt påverka av vennen Eilif Peterssen.

Hariet Backer fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1908. I 1912 fekk ho Petter Dass-medaljen.

GalleriEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.