Lund + Slaatto Arkitekter

norsk arkitektfirma
(Omdirigert frå Lund & Slaatto Arkitekter)

Lund + Slaatto Arkitekter AS (Lund & Slaatto) er eit norsk arkitektfirma skipa i 1958 av Kjell Lund og Nils Slaatto.[1] Samarbeidet mellom Lund og Slaatto varte heilt til 1995, men Lund + Slaatto Arkitekter, som blei skipa i 1987, fører kontinuiteten vidare frå det opphavlege selskapet.[1]

VeritasbyggetHøvik
Foto: Bjoertvedt
St. Hallvard kyrkje og kloster
Foto: Pål Giørtz
Asker rådhus med hovuddinngang frå østsida
Foto: Trarir
Chateau Neuf er kulturhus og staden for Det Norske Studentersamfund
Foto: Hans A. Rosbach

Lund + Slaatto Arkitekter står bak ei lang rekkje prestisjetunge prosjekt og har vunne fleire norske og internasjonale arkitekturprisar. Kontoret har mellom anna motteke Houens fonds diplom for fem av sine prosjekt;[2] St. Hallvard kyrkje og kloster i 1975, Det Norske VeritasHøvik i 1988, St. Magnus kyrkje på Lillestrøm i 1991, Sølvberget, Stavanger kulturhus i 1994 og VG-huset, Akersgata 55 i Oslo i 2000. Alt i 1958 fekk Lund & Slaatto Betongtavlen for Asker rådhus. Dei fekk også Betongtavlen i 2006 for den nye Svinesundsbrua.[3]

Av andre store verk kan ein nemne Chateau Neuf frå 1977 og vernebygget i glas til Domkyrkjeruinane på Hamar. Prosjektet fekk Norsk Stålkonstruksjonspris for 1999.[4]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Lund & Slaatto Arkitekter AS frå Store norske leksikon
  2. Houens Fonds Diplom frå Arkitektur.no
  3. Betongtavlen frå Arkitektur.no
  4. Stålprisvinnere, arkivert frå originalen 1. april 2009, henta 8. februar 2012 

Bakgrunnsstoff endre