Lundagotnene
Lundagotnene er ein bratt veg i Fana bydel i Bergen kommune. Vegen går frå Haugsdalsvegen ved garden Samdal til snuplassen ved garden Lund, der han held fram som Bontveitvegen. Han er 2,1 km lang og har ein høgdeskilnad på kring 185 meter. På det brattaste har vegen ei stigning på kring 20 %.[1]
Namnet vart vedteke i 1984.
Knutepunkt endre
- Fv165 Haugsdalsvegen
- Sideveg mot sør (290 m)
- Sideveg mot sørvest (230 m)
- Avkjørsel Øvstebøvegen
- Snuplass og veg vidare til Fv164 Bontveitvegen
Kjelder endre
- Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4.
- Nasjonal vegdatabank Arkivert 2010-11-11 ved Wayback Machine.
Referansar endre
- ↑ http://www.mapmyride.com/ Høgdevising på mapmyride.com