Samdal
Samdal er ein gard i Fana i Bergen kommune nord for Samdalsvatnet.
Samdal | |||
stad | |||
Samdal
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Bergen | ||
Postnummer | 5229 KALANDSEIDET | ||
Gardnummer | 67 | ||
Ferdselsårer | Fv164 Hausdalsvegen | ||
Det er framleis gardsdrift på garden.
Namn
endreForstavinga i namnet kjem truleg frå eit eldre elvenamn.
Historie
endreGarden høyrte i mellomalderen til Nonneseter kloster. I 1528 vart garden overteken av Vincens Lunge, og fram til 1775 vart han driven saman med Bontveit.
Geografi
endreGarden ligg i Samdalen, der Dyrdalselva og Hausdalselva renn saman og dannar Samdalselva. Garden ligg mellom nokre av dei høgaste fjella i Bergen kommune, Sveningen (769 moh) i aust, Hausdalshorga (784 moh) i nord og Lundåsane (361 moh) i vest. Samdalen held fram sørover mot Kalandseidet. Ulvvatnet er eit anna vatn på garden, like sørom Samdalsvatnet.
Garden grensar til Øvstebø i nord, Lund i nordvest, Håland i vest, Fjelltveit i sørvest, Hausdal i nord og Os kommune i aust.
Kjelder
endre- Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4.
- Bergenskart - stednavnskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.