Lundevatnet er ein innsjø på grensa mellom kommunane Lund i Rogaland og Flekkefjord i Agder. Innsjøen har eit areal på 27,5 km² og ligg 49 moh. Han er av dei 10 djupaste innsjøane i landet med ei største djupne på 314 meter. E39 går langs austsida av vatnet, eit stykke med ganske mange tunnelar.

Lundevatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Agder , Rogaland
Kommunar Flekkefjord, Lund
Høgd over havet 44-48.5 moh.
Areal 27,49 km²
Middeldjupn 172 m
Største djupn 314 m
Volum 4,73 km³
Kystlengd1 59,80 km
Koordinatar 58°24′06″N 06°36′26″E / 58.40167°N 6.60722°E / 58.40167; 6.60722
Kart
Lundevatnet
58°24′06″N 6°36′26″E / 58.401666666667°N 6.6072222222222°E / 58.401666666667; 6.6072222222222
Wikimedia Commons: Lundevatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Elva Sira renn inn i vatnet ved Sirnes med vatn frå Sirdalen, og vatn frå Hovsvatnet renn inn ved Moi. Vatnet renn ut igjen ved Åna-Sira, der det er ei demning og Åna-Sira kraftverk ligg. Frå der og ut i havet er det berre eit par kilometer.

Elveløpet mellom Sirdalsvatnet og Lundevatnet er i dag utgravd slik at vasstanden dei to vatna imellom skal vere tilnærma lik, og Lundevatnet er sikra reservepåfyll på ein enkel måte. Lundevatnet kan regulerast slik at vasstanden kan variere.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Agder og Rogaland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.