Opna hovudmenyen
Bengalsk gut med lungi.

Lungi (IPA-uttale /luŋɡi/) er eit sørasiatisk klesplagg for underkroppen som typisk blir brukt av menn. Ein lungi kan minna om ein sarong, som er eit usydd tøystykke festa rundt livet, men lungien er sydd saman i eine enden slik at han blir meir som eit skjørt. Den øvre delen blir likevel festa i livet på liknande vis som ein sarong, anten knytt eller bretta. Lungiar er som regel laga av bomull og har djupe fargar, ofte i mønster som ruter, striper eller anna.

To menn med lungi i Kolkata. Mannen til venstre som dreg ein rickshaw har bretta opp lungien sin, medan den ståande mannen til høgre ber han lang.

Lungi er utbreidd i Bangladesh, i fleire delar av India (særleg i aust og sør), på Sri Lanka og i land der det finst sørindiske grupper, som Singapore og Malaysia. Plagget blir særleg brukt på landsbygda og av arbeidarar. I tillegg til å vera bruksplagg kan det også nyttast ved ein del høgtidelege høve. I Kerala blir plagget kalla mundu og har tradisjonelt vore brukt av kvinner og menn. Her kan det også vera kvitt på farge.

Sarong er ein nær slektning av lungien. Andre avleidde plagg er longyi frå Burma, izaar, som er kjend frå mange arabiske land, og macawis frå Somalia.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Denne kledeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.