Geiranger er ei bygd i Stranda kommune. Ho ligg inst i Geirangerfjorden, ein sidearm av Storfjorden i Møre og Romsdal. Geiranger omfattar sjølve fjorden med dei fråflytta gardane, grendene/dalane til grense mot Norddal kommune i nord og Skjåk kommune i aust. Sentrum med ferjekai ligg på garden Merok (Maråk). Geiranger kyrkje ligg på ei lita flate mellom Vinje og Maråk. Til 1861 var Geiranger og Sunnylven del av Norddal prestegjeld med soknepresten busett i Dalsbygda.

Geiranger

Namnet kjem truleg av norrønt geirr som tyder spyd og angr som tyder fjord, slik at Geiranger opphavleg kan vere namnet på sjølve fjordarmen. Frå gamalt kalla folk i bygda heimplassen sin for «Gjårångjin». Gardsnamnet Gjørvad, ein gamal gard sentralt i bygda, kan også ha samanheng med namnet Geiranger: I 1303 vart Gjørvad omtala som "Gefrunga i Gerang" og i 1520 som "Gorang".[1]

Bygda er omgjeven av bratte fjell, som - i tillegg til fjorden - har gjort ho til eit av dei mest vitja turistmåla i landet. Lonely Planet har kåra Geiranger til det beste reisemålet i Skandinavia. Geiranger- og Nærøyfjorden vart i 2005 med på verdsarvlista til UNESCO. I 2006 vart desse to landskapsområda rangert som dei best bevarte av alle UNESCO-stadane av National Geographic.

Attraksjonar endre

 
Storfossen i Geiranger

Kjende attraksjonar er byggverka Geirangervegen og Ørnevegen, utkikkspunkta Flydalsjuvet, Ørnesvingen og Dalsnibba, og ikkje minst sjølve fjorden med fossefalla Bruresløret, Friaren og Dei sju systrene. Oppe i ein sidedal finn vi Storsæterfossen, ein foss det er mogeleg å gå bak og la vatnet fosse framføre seg. Geiranger kyrkje er ei åttekanta trekyrkje frå 1842, lokalisert like ovanfor sentrumsgarden Maråk. Ein annan gamal gard er Vinje med ein gravhaug frå Vikingtida. Elles er garden Gjørva av dei eldste, då garden i mellomalderen låg under Bakke kloster i Nidaros. I Geiranger ligg Norsk Fjordsenter der vi kan få god innsikt i fjordkulturen, mellom anna livet slik det var på dei mange gardane i Storfjorden som no er fråflytta. Mest kjende av desse fjordgardane er nok Skageflå og Knivsflå. I fjella kring Geiranger kan vi finne såkalla bogestøer, altså stader der steinalderfolk låg med pil og boge for å skyte rein. Desse bogestøene ligg slik til på fjelltoppane at dei truleg vart bygde då isen låg mellom fjella under sist istid. Dette kan tyde på at desse støene er eldre enn pyramidane - og såleis av dei eldste byggverk vi har. Geiranger har vore til stor inspirasjon for kunstnarar. Til dømes er songen «Å Vestland, Vestland» skriven i bygda. Her har vore mange kjende forfattarar og målarar, både frå inn- og utland. Likeeins har mange kongelege funne vegen hit.

Turisme endre

 
Nibbevegen vart laga for turistrafikken
 
Turistskipet «Meteor» (1904).
Foto: Anders Beer Wilse/Norsk folkemuseum

Folketalet i Geiranger er omkring 240 fastbuande og dei fleste er sysselsette med turisme. Sommarstid syner utrekningar at så mykje som 700 000 gjester kan ha vitja Geiranger, noko som gjer bygda til ein av dei aller største turistattraksjonane her til lands. Vegen til toppen av Dalsnibba (Nibbevegen) vart bygd (i 1939) berre av omsyn til turismen etter at motorkøyretøy gjorde den lange stigninga frå fjorden overkommeleg.[2]

Om sommaren går det bilferje mellom Geiranger og Hellesylt. For året 2010 reiste i gjennomsnitt 140 køyretøy og 690 personar dagleg med ferja.[3]

Geiranger har årleg besøk av 150-200 cruiseskip, det gjer bygda til Noregs tredje største cruisehamn (berre Oslo og Bergen er større). I 2010 gjekk 157 cruiseskip til Geiranger, mot 241 i Bergen.[4] I 2011 kom 230.000 til Geiranger med cruiseskip, 20.000 fleire enn i 2010.[5] I 2012 gjekk Geiranger forbi Oslo og var då den nest største cruisehamna i Noreg etter Bergen.[6]

År Tal cruiseanløp[7] Tal passasjerar
2012 .. 312.136[8]
2011 156 230.000
2010 157 210.100
2009 169 218.000
2008 169 163.700
2007 145 136.300
2006
1910 16.600[9]
1906 12.600

I 1906 kom det totalt 12.600 turistar til Geiranger, av dette 4955 med engelske skip. I 1910 var det totalt 16.601 som vitja bygda, av dette 4700 med engelske og 4900 med tyske skip. Noreg tok i 1905 imot totalt 25.000 utanlandske turistar, av desse var altså ein stor del innom Geiranger.[10]

Servicetilbod endre

Geiranger har mange campingplassar og hytter og dertil fleire hotell med god standard, mellom desse er Union Hotell og Hotell Geiranger. Hotell Geiranger er det hotellet som er ligg nærast fjorden og livet i sentrum. Union ligg høgare oppe med betre utsyn over fjorden og fjella ikring. Standarden er nok høgast på Hotell Union, som også er det einaste hotellet som har (tilnærma) heilårsope. Grande Fjordhotell, Villa Utsikten og Djupvasshytta tilbyr også overnatting og mat. Dertil er det nokre private som leiger ut rom. Men sommarstid kan det vere vanskeleg å finne noko ledig seint om kvelden, så det kan løne seg å tinge rom. Det er mange tilbod til turistane i Geiranger. Det kan nemnast oppmerkte fjellstiar (råser), frakt av folk og syklar til fjelltoppen Dalsnibba 1497 høgdemeter over havet (sykkelturen ned er fantastisk i fint ver), båtutleige, sightseeing på fjorden med meir. Serveringsstad med sal av tradisjonsrik norsk mat vantar, diverre. Men mett vert ein på dei mange serveringsstadane, til dømes Olebuda eller Naustkroa. Det finst elles mange suvenirbutikkar - og ei daglegvareforretning. Kvart år vert det arrangert eit stort idrettsstemne Frå fjord til fjell, som inneheld halvmaraton, miniton, marsj og sykkelritt som går frå sentrum i bygda til toppen av Dalsnibba.

Vegar til Geiranger endre

 
Geiranger og fjorden innanfor fylket

Geiranger har på sommaren ferjesamband til Hellesylt. Om lag 25 km frå Geiranger over Ørnevegen kjem vi til Eidsdal der vi kan lett kome oss til Valldal og vidare til turistattraksjonen Trollstigen. Frå Eidsdal er det ikkje langt til Standa og Ålesund (med flyplassen Vigra). Når Geirangerfolk skal til «byen», er det til Ålesund dei meiner. Frå Geiranger er det veg, Geirangervegen, austover mot Grotli, Skjåk og Lom eller sørvestover til Stryn og Nordfjord. Om summaren går Hurtigruta innom Geiranger på nordgåande. På vinteren er Geirangervegen stengd, ferja på fjorden går ikkje og Hurtigruta droppar turen inn fjorden. Det einaste sambandet til bygda som er open heile året er vegen til Eidsdal.

Kjelder endre

  1. Lillebø, PA (1993): Sunnylven og Geiranger II. Gard og ætt. Utgjevar: Stranda sogelag.
  2. Vinje, Leif (1989): Nibbevegen - Eit pionerprosjekt frå ide til realitet. Geiranger: Geiranger Skysslag.
  3. Statens vegvesen Arkivert 2017-07-20 ved Wayback Machine. Håndbok 157 ferjestatistikk 2010.
  4. Nationen 7. oktober 2010 s.5
  5. Nynorsk pressekontor 5. oktober 2011 'God cruisesesong på Vestlandet '
  6. Dagens Næringsliv, 12.oktober 2012, s.26.
  7. Stranda hamnevesen/Geirangerfjord cruise port http://www.stranda-hamnevesen.no/Statistic Arkivert 2012-06-08 ved Wayback Machine. lesen 26.juni 2012
  8. Dagens Næringsliv, 12.oktober 2012, s.26.
  9. Holmevik, Jan Rune (1987): Turistskyssing i Geiranger rundt hundreårsskiftet. Tidsskrift for Sunnmøre historielag. 63. årgang. Utgjevar: Sunnmøre historielag, Sunnmøre museum, Aalesunds museum.
  10. Holmevik, Jan Rune (1987): Turistskyssing i Geiranger rundt hundreårsskiftet. Tidsskrift for Sunnmøre historielag. 63. årgang. Utgjevar: Sunnmøre historielag, Sunnmøre museum, Aalesunds museum.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Geiranger