Lunner stasjon
Lunner stasjon er ein jarnbanestasjon på Gjøvikbanen ved Lunner i Viken fylke. Stasjonen vart oppretta som ein betent jarnbanestasjon for ekspedering av tog, reisande og gods i 1900, to år før opninga av Gjøvikbanen i 1902. Ekspedisjonsbygget er oppført i drakestil etter teikningar av arkitekten Paul Due.
Lunner stasjon | |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Lunner |
Koordinatar | 60°18′19″N 10°35′5″E / 60.30528°N 10.58472°E |
Distanse | 61,13 km frå Oslo S |
Høgd | 280,9 moh. |
Opna | 1900 |
Arkitekt | Paul Due |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Gjøvikbanen |
Overgang | |
Stasjonen vart gjord ubetent i 1985, og fekk ny status som haldeplass med lastespor i 1987. Alle persontog på Gjøvikbanen i begge retningar stoppar på Lunner i dag. Stasjonen ligg 280,9 moh og 61,13 km frå Oslo S. Fylkesveg 17 i Oppland startar òg ved Lunner stasjon.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lunner stasjon» frå Wikipedia på bokmål, den 29. september 2008. Der vart desse kjeldene gjevne:
- Norsk Jernbaneklubb.no – Om Lunner stasjon
- jernbaneverket.no Arkivert 2013-03-28 ved Wayback Machine. – Om Lunner stasjon
- nsb.no – Om Lunner stasjon
Bakgrunnsstoff
endre- Lunner stasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren