Opna hovudmenyen
EIn lunningsplass i Harz i Tyskland.

Lunningsplass, eller velteplass, er ein stad der ein mellomlagrar tømmer som vert køyrd fram etter hogst. Lunningsplassar ligg ofte ved ein offentleg veg eller ein skogsbilveg med stor nok bereevne til at tømmeret kan hentast med tømmerbil.

Når ein driv etter stammelunningsmetoden, som er ei vanleg driftsform i Noreg, vert tømmeret køyrt fram til ein lunningsplass med ein stammelunnar eller med ein landbrukstraktor utstyrt med vinsj. I flatt lende er det meir vanleg å nytta ein lastetraktor eller ein landbrukstraktor med tømmerhengar.

Tømmeret som vert henta ut gjennom vinteren vert ofte liggande på lunningsplassen til våren kjem. Men om bereevna til vegen fram til lunningsplassen er dårleg, lyt ein henta tømmeret før telen går om våren.