Luttsuite i g-moll, BWV 995
Suite i g-moll BWV 995, er eit stykke for lutt skriven av komponisten Johann Sebastian Bach. Det er ein transkripsjon av Cello Suite No. 5, BWV 1011, som vart skriven av same komponist. Stykket er skriven mellom våren 1727 og vinteren 1731, og denne usedvanlege suiten finst i ein annan versjonen, som Cellosuite No. 5, i c-moll.[1]
BWV 995 Suite av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Kammermusikk | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1727-1731 | ||
Publiseringsdato | 1976 | ||
Typisk lengd | 22:39 | ||
Satsar/akter | 8 | ||
Toneart | g-moll |
Det ser ut til at celloversjonen kom først, men ekspertane er samde om at Bach var djupt tiltrekt av lutten, og innførte heile tida religiøs symbolisme i komposisjonane sine for instrumentet.[1]Til dømes siterer sarabanden et incarnatus est frå Credo i Messe i h-moll.[1] Bach nytta utsmykkingane frå den franske lutt-tradisjonen, og det enkle og direkte i den tyske stilen, og syner korleis han klarte å blande to forskjellige nasjonale stilar.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lute Suite in G minor, BWV 995» frå Wikipedia på engelsk, den 26. april 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: