泸州 (forenkla kinesisk)
Lúzhōu (pinyin)
Andre namn tradisjonell kinesisk 瀘州
View of Luzhou, Sichuan.jpg
Styresmakter
Land
Provins
Kina
Shanxi
Geografi
Flatevidd 12 247 km²
Innbyggjarar 4 800 000
Plassering
Luzhou i Sichuan
Luzhou i Sichuan

Luzhou er eit byprefektur aust i provinsen Sichuan i det vestlege Kina. Byprefekturet har eit areal på 12 247 km², folketalet i prefekturet vart i 2004 berekna til 4,8 millionar. Innanfor bygrensene budde 1,4 millionar menneske i 2004. Byen Luzhou ligg i åmotet mellom elvane Chang Jiang og Tuo Jiang.

Byprefekturet Luzhou omfattar tre distrikt (区 ) og fire fylke (县 xiàn).

Luzhou har alltid vore eit senter for næringslivet i grenseområda Sichuan, Yunnan og Guizhou. Mat, drikkevarer, produksjon av kjemikaliar, samt bygging av maskinar og ulike typar utstyr er dei viktigaste næringsgreinene for den lokale økonomien.

Det gamle spritbrenneriet i Luzhou (Luzhou daqu laojiaochi, 泸州大曲老窖池) vart i 1996 teke med i Folkerepublikken Kinas liste over kulturminne.

SamferdsleEndra

Kinas riksveg 321 går gjennom området. Han fører frå Guangzhou i provinsen Guangdong via mellom anna Wenzhou og Guilin til Chengdu, hovudstaden i Sichuan.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra