Polsk-litauisk union
(Omdirigert frå Polen-Litauen)
Polsk-litauisk union eller Polen-Litauen ei nemning på ulike samband mellom kongedømet Polen og Storfyrstedømet Litauen. Kva landområde sambandet omfatta skifta mykje opp gjennom tidene. Sambandet omfatta til tider Polen av i dag, Litauen, Latvia, Estland, Kviterussland, Ukraina (delvis), Romania (delvis) og Russland (delvis). Området vart mot slutten av 1700-talet delt mellom nabostatane i fleire steg. Oppdelinga kom mykje av at Polen-Litauen hadde eit lite samkøyrd styresett både saman og innetter. Nemninga polsk riksdag kjem frå denne tida, ei nemning på ei styresmakt eller nasjonalforsamling der det er tilnærma umogleg å gjera vedtak.
Tidsline
endre- 1385 - Krewounionen - Personalunion
- 1401 - Unionen av Vilnius og Radom - Litauen var gjeve stor fridom med Vytautas av Litauen som storfyrste og kong Władysław Jagiełło av Polen som overherre
- 1413 - Horodłounionen
- 1432 (1432-34) - Grodnounionen
- 1499 - Vilniusunionen
- 1501 - Mielnikunionen
- 1. juli 1569 - Lublinunionen - starten på Den polsk-litauiske realunionen, òg kalla Tonasjonsrepublikken.
- 3. mai 1791 - Polens maigrunnlov - Kongedømet Polen og Storfyrstedømet Litauen gjekk saman og etablerte ei sams statsdanning.
- 1795 - Området vart delt mellom keisarriket Austerrike, Preussen og Tsar-Russland.