Stryj
Stryj (ukrainsk Стрий, polsk Stryj) er ein by på venstrebreidda av elva Stryj i Lviv oblast (provins) vest i Ukraina ved foten av Karpatane. Han er det administrative senteret i Stryj rajon (distrikt), medan sjølve byen er eit eige rajon i oblastet. Stryj reknar seg som den første byen i Ukraina som heiste det ukrainske gule og blå flagget, den 14. mars 1990, før Sovjetregimet fall.
Stryj | |||
Стрий | |||
by | |||
|
|||
Motto: Semper fidelis | |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Lviv oblast | ||
Rajon | Stryj rajon | ||
Koordinatar | 49°15′22″N 23°51′1″E / 49.25611°N 23.85028°E | ||
Areal | 16,95 km² | ||
Folketal | 57 600 (2007) | ||
Folketettleik | 3 398 / km² | ||
Grunnlagd | 1200-talet | ||
• Magdeburgrettar | 1431 | ||
Borgarmeister | Roman Sjramovjat | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 82400 | ||
Retningsnummer | +380-3245 | ||
Bilnummer | BC (før 2004: ТА,ТВ,ТН,ТС) | ||
Stryj 49°15′N 23°51′E / 49.25°N 23.85°E | |||
Kart som viser Stryj.
| |||
Wikimedia Commons: Stryi | |||
Nettstad: http://stryi-rada.gov.ua/index.php |
Folkeutvikling
endre- 1843 - 8 000 innbyggjarar
- 1880 - 12 600 innbyggjarar
- 1900 - 22 600 innbyggjarar
- 1910 - 27 400 innbyggjarar
- 1931 - 30 500 innbyggjarar
- 1959 - 36 200 innbyggjarar
- 1970 - 48 000 innbyggjarar
- 1976 - 55 000 innbyggjarar
- 1989 - 67 000 innbyggjarar
- 2001 - 63 000 innbyggjarar
- 2006 - 61 700 innbyggjarar
Historie
endreStryj vart først nemnd i 1385 og var då ein del av kongedømet Polen etter at det rutenske kongedømet fall. I 1431 fekk byen Magdeburgrettar og var ein del av Det rutenske voivodskapet fram til 1772.[1]
Byen vart eit viktig handelssenter langs handelsvegen mellom Halytsj og Lviv og særleg på 1400- og 1500-talet med støtte frå den polske kongen Jan III Sobieski. Byen vart øydelagd under tatarraid i 1523 og 1634. Etter delinga avDet polsk-litauiske samveldet i 1772 vart byen ein del av Austerrike-Ungarn. I 1875 vart det bygd ein jernbanestasjon i byen og samstundes starta industrialiseringa. I 1886 førte ein stor bybrann til at nesten heile byen brann ned. Frå oktober 1914 til mai 1915 var byen okkupert av Det russiske imperiet. I 1915 fann eit blodig slag under første verdskrigen stad i Karpatane, kring fjellet Zwinin (992 moh), nokre kilometer sør for Stryj, der kring 33 000 russiske soldatar strauk med.
I november 1918 fann eit armert opprør stad i byen etter at han vart ein del av Den vestukrainske folkerepublikken. Stryj gjekk til Polen i mai 1919 og i 1939 til Sovjetunionen (Ukrainske SSR). Nazistane utrydda dei fleste jødane i byen. Under den kalde krigen låg Stryy flybase her.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Stryi» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «History of Stryi». stryy.com.ua. 1. juni 2008.[daud lenkje]