Lycée français René Cassin

Lycée français René Cassin er ein privatskule under l'Agence pour l'enseignement français à l'étranger (AEFE), ein offentleg organisasjon som vart skipa i 1990, og som høyrer inn under det franske utanriksdepartementet (ministère des Affaires étrangères). Skulen har tilhald på Frogner i Oslo, og underviser på fransk etter franske læreplanar.

Tidligare Vestheim skule, no Lycée français René Cassin d'Oslo i Skovveien 9

Skulen er oppkalla etter den franske juristen, diplomaten og politikaren René Cassin, som vann Nobels fredspris i 1968 for arbeidet sitt som president i Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Soga til skulen endre

Etter krigen var det eit femtitals franske statborgarar i Oslo, og frå 1947 gjorde somme av familiane freistnader på å skipe ein fransk skule i byen. Men fyrst 15. september 1961, etter initiativ frå l'Union des Français à l'Etranger, og med stønad frå l'Association de l'Ecole Française d'Oslo, vart det opna ein skule som eigenleg ikkje kom i normal verksemd før i 1963, med lokal hjå den katolske St Sunniva Skole i Akersveien 4. Etter ei tid her måtte skulen ta til takke med skiftande tilhaldsstader, og vart ofte splitta på to ulike stader. Fyrst etter fleire år med leiting etter høvlege lokale og tingingar med norske styresmakter, lukkast i 1982 den franske ambasaden i Oslo å få tilfredsstillande lokale til skulen i Vestheim skole i Skovveien 9 på Frogener i Oslo, der skulen har hatt tilhald seinare. mini|left|Skulens emblem I 1990 skifta skulen namn frå L'Ecole Française d'Oslo til Lycée Français d'Oslo etter å ha utvida til å verte ein komplett skule på alle trinn. I september 1994 overtok skulen òg dei lokala på Vestheim skole som den engelske skulen i Oslo hadde disponert til dess, og kunne etter dette samle alle elevane på same staden i byen. Skulen vart offisielt innvigd 10. november 1994 med den franske ambassadøren og ordføraren i Oslo til stades, og fekk då namn etter René Cassin.

Bakgrunnsstoff endre