René Samuel Cassin (5. oktober 188720. februar 1976) var ein fransk jurist, diplomat og politikar som vart tildelt Nobels fredspris i 1968 for arbeidet sitt for menneskerettane, og fekk same året òg Dei sameinte nasjonanes pris for menneskerettar, ei utmerking som vart skipa i 1968. Han var fødd i Bayonne og døydde i Paris.

René Cassin

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 5. oktober 1887
Bayonne
Død

20. februar 1976 (88 år)
Paris, 13. arrondissement

Yrke jurist, diplomat, politikar
Politisk parti Parti républicain, radical et radical-socialiste
Medlem av Den franske liga for menneskerettigheter, Académie des sciences morales et politiques, Serbias vitenskaps- og kunstakademi, Empire Defense Council, De frie franske styrker
Religion Jødedommen
Signatur
René Cassin på Commons

René Samuel Cassin var med på å skrive Verdsfråsegna om menneskerettane, som vart vedteken av Dei sameinte nasjonane på si tredje generalforsamling 10. desember 1948 i Paris. Han var òg president i Den europeiske menneskerettsdomstolen frå 1965 til 1968 etter å ha vore visepresident frå 1959 til 1965. Under den andre verdskrigen var han med i La France libre, ein motstandsorganisasjon som general de Gaulle skipa i London etter sin appell over engelsk kortbølgeradio (BBC) 18. juni 1940 om å gjere motstand mot Nazi-Tyskland.

I Frankrike skipa René Samuel Cassin i 1947 Institut français des sciences administratives, som har til føremål å definere rettar og pliktar for den offentleg administrasjonen i Frankrike og fremje systemet internasjonalt, og i 1948 skipa han Institut libre d'étude des relations internationales, ein institusjon i Paris som undervisar på universitetsnivå i tema som har med internasjonale relasjonar og internasjonal handel å gjere.

Ei mengd skular og fleire andre ymse institusjonar i både Frankrike og i utlandet har fått namn etter René Samuel Cassin, soleis òg den franske skulen i Oslo, Lycée français René Cassin.

Bakgrunnsstoff endre