Opna hovudmenyen
For namnet, sjå Lydia.
Oldtidsriket Lydia låg i det noverande Tyrkia.

Lydia var eit oldtidsrike som låg nær byen Izmir i det som no er Tyrkia. Landet var også kjend som Mæonia, truleg eit eldre namn som mellom anna er brukt av Homer.[1]

Lydia blei grunnlagd som rike om lag 700 f.Kr. av Gyges og hadde stordomstida si på 600-talet f.Kr. under han og sonen Alyattes.[1] På denne tida hadde Lydia ein blomstrande økonomi på grunn av ein godt utvikla administrasjon. Riket var blant dei første til å prega myntar i metall, og handelen med Hellas var livleg. Alyattes tok kontroll over naboregionen Frygia, og sonen hans Kroisos (Krøsus) utvida riket til Halys.[1]

Lydia blei okkupert av Persia under Kyros den store i 546 f.Kr. Det blei den viktigaste persiske satrapien i Vesleasia, med hovudstad i Sardes/Sardis.[1] Området blei erobra av Aleksander den store og kom etter at han døydde inn under selevkidane.[1] Det låg under Pergamon frå 189 f.Kr.. I 133 f.Kr. blei det ein del av Romarriket som provinsen Asia, og frå slutten av 200-talet blei det eigen provins.[1]

Lydiarane var i slekt med hetittane. Det lydiske språket høyrde til den anatoliske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Etter kvart gjekk lydiarane opp i dei greske innvandrarane til landet.

Gymnasium i Sardis.

Hovudstaden i Lydia, Sardis, blei rekna som ein av dei vakraste byane i antikken. Mange bygningar frå det gamle Lydia finst endå, og er velkjende tyrkiske turistmål.

Landet har gjeve opphav til namnet Lydia.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Andersen, Øivind. «Lydia» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 8. juli 2015.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Oldtidsriket Lydia