GNOME
GNOME (GNU Network Object Model Environment) er eit skrivebordsmiljø for Linux og Unix-liknande operativsystem.
GNOME | |
![]() | |
![]() GNOME 3.18.2 | |
Utviklar | GNOME-prosjektet |
---|---|
Oppretta | 15. august 1997 |
Utgjeve | 1999 |
Nyaste versjon | 43.1 |
Operativsystem | Multiplattform (Linux, BSD, Solaris) |
Sjanger | Skrivebordsmiljø |
Lisens | GNU General Public License og andre |
Nettstad | www.gnome.org |
Opphavleg var KDE det einaste tilgjengelege skrivebordsmiljøet. Mange såg det som eit problem at KDE var knytt til Qt-verktøya, som då ikkje var gjeve ut under GPL-lisensen. GNOME-prosjektet vart difor skipa i august 1997 av Miguel de Icaza og Federico Mena.
I staden for Qt bruker GNOME GTK+, som er under LGPL-lisensen. GTK+ var opphavleg utvikla for eit anna programvareprosjekt, The Gimp, som er eit biletmanipuleringsprogram.
Viktige GNOME-programEndra
- Nautilus – filhandsamar
- Epiphany – nettlesar
- Evolution – e-postlesar og kalenderverktøy
- Gnumeric – rekneark
- Abiword – teksthandsamar
- Evince – dokumentlesar
- F-Spot – fotohandsamar
- Pidgin – lynmeldingsklient (aMSN, ICQ, Jabber, IRC, etc)
- Totem – medieavspelar
- Rhythmbox – program til å høyre på og organisere lydfiler og nettradio
- GIMP – GNU biletmanipuleringsprogram
- Inkscape – program for å lage vektorgrafikk
- gedit – teksthandsamar
- GNUCash – program for å handtere personlege finansar
- GnomeBaker – brenneprogram for CD og DVD