Glückstadt
Glückstadt (dansk Lykstad) er ein by sør i den tyske delstaten Schleswig-Holstein. Han ligg i Holstein ved møtepunktet mellom nedre Elbe (Unterelbe) og bielva Rhin. Byen ligg rundt 36 km nordvest for Altona og 45 km nordvest for Hamburg, og er i dag del av storbyområdet Hamburg (Metropolregion Hamburg). Ved utgangen av 2010 hadde Glückstadt 11 498 innbyggjarar.
Glückstadt | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Delstat Landkreis |
Schleswig-Holstein Steinburg | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 22,76 km² | ||
Innbyggjarar | 11 498 (2010) | ||
Innbyggjarar - By (2010) |
10 987 | ||
Høgd over havet | 2 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
UTC+01:00, UTC+2 (UTC) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: https://www.glueckstadt.de/ | |||
Nettstad: www.glueckstadt.de | |||
Plassering | |||
Byen blei grunnlagt som Lykstad av den dansk-norske kongen Kristian IV i 1617, som fekk myrområdet langs elva drenert. Han lova innflyttarar skattefritak og religionsfridom. Målet var å danna ein konkurrent til Hamburg, som var ein fri keisarby lengre oppe langs elva. Lykstad skulle vera ein uinntakeleg festning- og hamneby. Befestninga blei fullført i 1620. Slottet er i dag gjort om til museum. Glückstadt var del av Danmark fram til landet tapte Slesvig og Holstein i Den dansk-tyske krigen i 1864.
Glückstadt er stasjon på jernbanelinja mellom Itzehoe og Elmshorn. Han har ferjesamband over Elbe til Altendorf/Wischhafen. Byen er med i turistruta Deutsche Fährstraße og sykkelruta Elberadweg.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Glückstadt» frå Wikipedia på bokmål, og «Glückstadt» frå Wikipedia på engelsk den 29. april 2012.
«Glückstadt» i Store norske leksikon, snl.no.