Lyngnstøylvatnet
Lyngnstøylvatnet er eit vatn i Norangsdalen i Ørsta kommune i Møre og Romsdal fylke.
Lyngnstøylvatnet | |||
innsjø | |||
Lyngnstøylvatnet med ruinane
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Ørsta | ||
Høgd over havet | 152 moh. | ||
Areal | 0,11 km² | ||
Kystlengd1 | 1,54 km | ||
Koordinatar | 62°10′32″N 06°43′44″E / 62.17556°N 6.72889°E | ||
Lyngnstøylvatnet 62°10′32″N 6°43′44″E / 62.17555618°N 6.72888899°E | |||
Wikimedia Commons: Lyngnstøylvatnet | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Lyngnstøylvatnet vart til då eit steinskred stengde elva. Det var den 26. mai 1908. Elva overfløymde ei seter, Lygnstøylen med 9 sel , vegen gjennom dalen og noko av terrenget rundt. I roleg vér kan ein sjå restar av seltuftene gjennom vassflata.
Ein kan og sjå restar av tre og grinda over vegen.
På grunn av desse ruinane er vatnet vorte ein populær stad for dykking. Riksveg 655 går like forbi vatnet. Ved rasteplassen er det oppsett ei informasjonstavle.
Bakgrunnsstoff
endre- Sivert Aklestad: Minneskrift Hjørundfjord kommune 1837 - 1937
- Ægir Dykkerklubb si informasjonsside om Norangsdalen Arkivert 2007-07-04 ved Wayback Machine.Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.