Lyngseidet
Lyngseidet (nordsamisk: Ivgumuotki, kvensk: Yykeänmuotka) er administrasjonssenteret i Lyngen kommune i Troms. Tettstaden ligg på vestsida av Lyngenfjorden og har 736 innbyggjarar per 1. januar 2023. Riksveg 868 og 91 går til Lyngseidet og det er ferjesamband til Olderdalen. På Lyngseidet er det i tillegg til butikkar og post ulike kommunale tilbod som alders- og sjukeheim, barne- og ungdomsskule, barnehagar, bibliotek, sosial- og trygdekontor og helsesenter. Lyngen kyrkje ligg på Lyngseidet.
Lyngseidet | |||
stad | |||
Utsikt mot Lyngseidet frå Kjkostindane. Fjorden til høgre er Kjosen i Ullsfjorden.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Lyngen | ||
Areal | 0,88 km² | ||
Folketal | 736 (2023) | ||
Folketettleik | 836 / km² | ||
Postnummer | 9060 LYNGSEIDET | ||
Preposisjon | på Lyngseidet | ||
Ferdselsårer | 91 868 | ||
Lyngseidet 69°34′34″N 20°13′07″E / 69.576111111111°N 20.218611111111°E | |||
Wikimedia Commons: Lyngseidet |
Kjelder
endre- Kart frå SSB over tettstadgrenser i Troms.Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.