Lyngen kyrkje

kyrkje i Lyngen kommune

Lyngen kyrkje er ei krosskyrkje i Lyngen kommune i Troms.

Lyngen kyrkje
kyrkje
Foto: Steinar Sneås Skauge
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Lyngen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Nord-Troms
Sokn Lyngen
Fellesråd Lyngen
Material Tre
Innvigd 1782 (men teken i bruk tidlegare)
 - Endringar Rest. 1846
Klokker 3: O. Olsen & Søn (1978) + to eldre
Kyrkjegard Ja
Preikestol 1846
Døypefont Ragnar Tunes (1952)
Altartavle Ezekhiel (1752)
Orgel Vestlandske (1968)
Sitjeplassar 310
Kart
Lyngen kyrkje
69°34′32″N 20°13′00″E / 69.5755°N 20.2168°E / 69.5755; 20.2168
Wikimedia Commons: Lyngen kirke

Historie endre

Det første gudshuset i Lyngen vart bygd på Karnes i 1731, men flytta til Lyngseidet i 1740. Det var tre årsaker til flyttinga. Det var lettare for presten frå Karlsøy å kome til Lyngseidet, samane i Ullsfjord ville få lettare veg til kyrkja, og på Karnes var det mangel på vatn og ved. I 1770-åra vart det bygd ei ny kyrkje som kosta om lag 230 riksdalar. Det gamle kyrkjebygget vart seld for 16 riksdalar.

Fyrst i 1840–1846 fekk kyrkja den utsjånaden ho har i dag. Ein tysk arkitekt ved namn Lydke kom med teikningar for den omfattande ombygginga. Det gamle tårnet frå 1775 som stod midt på kyrkja, vart rive ned, og eit nytt tårnhus med våpenhus, loft, klokketårn og spir vart bygd i den nygotiske stilen. Kyrkjebygget fekk i tillegg fleire sitjeplassar ved at det vart bygd galleri i to høgder. Kyrkja har i dag 310 sitjeplassar. Grunnmuren er frå då krosskyrkja vart påbyrja i 1770, og det tilbygde sakristiet og tårnhuset har fått same type grunnmur som resten av bygningen. Under krigen nytta tyskarane kyrkja som stall. I dag er kyrkja restaurert og er del av eit lite sentrumsmiljø med ein del eldre trehus på Lyngseidet. I 1951 vart eit dåpshus bygd like ved kyrkja. Dåpshuset skulle vere eit varmt venterom for born som skulle døypast. No vert dåpshuset nytta som kontor.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre