Nettlesaren Lynx
Lynx er den mest populære tekstbaserte nettlesaren for verdsveven. Han stør ikkje rammer, tabellar eller stilark. Denne nettlesaren er basert på curses, eit UNIX-bibliotek med funksjonar for å kontrollere utskrift til ein terminalskjerm frå eit C-program.
Lynx | |||
| |||
Utviklar | Thomas E. Dickey | ||
---|---|---|---|
Utgjeve | 1992 | ||
Nyaste versjon | 2.9.0dev.12 (9. januar 2023)[1] | ||
Operativsystem | Unix-variant, Microsoft Windows, OpenVMS | ||
Skriven i | C | ||
Type | tekstbasert nettleser | ||
Lisens | GPLv2 | ||
Nettstad | https://lynx.invisible-island.net/ |
Utviklinga av Lynx byrja ved universitet i Kansas, og det er det hovudsakleg Michael Grobe, Charles Rezac og Lou Montulli som har fått æra for arbeidet.
Lynx for brukarar med særskilde behov
endreI og med at det er mogleg å bruke lynx utan mus i det heile, er lynx svært populær blant brukarar som har særlege krav til nettlesaren sin. Blinde bruker t.d. lynx, og les teksten med braille-skrift. Dessverre er det mange nettsider som ikkje blir laga med lynx i tankane. Sjølv om hyperlenkjer kan identifiserast med hjelp av symbol eller bilete lagra som gif-filer, kunne webutviklarane godt ha laga ein tekst-identifikator «under» den grafiske identifikatoren. Wikipedia sine sider er gode døme på ein nettstad som kan lesast både med lynx og med grafiske nettlesarar.
Lynx kan også brukast i kontekstar der ein loggar seg på maskiner via ssh, utan å få eit grafisk grensesnitt.
Kjelder
endre- ↑ Thomas E. Dickey (9. januar 2023). «ANN: lynx2.9.0dev.12» (på engelsk). Henta 23. januar 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Michael Grobe's personal recollections of Lynx development
- Extremely Lynx Lynx-ressursar Arkivert 2004-12-08 ved Wayback Machine.
- MacLynx Arkivert 2008-11-22 ved Wayback Machine.
- Lynx for Windows installasjonsprogram Arkivert 2011-07-21 ved Wayback Machine.