Lysbotn i Troms

(Omdirigert frå Lysebotn i Troms)

Lysbotn (samisk Liidditvuotna) er ein fjordarm av Malangsfjorden på austsida av Senja i Senja kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 6 km sørover til Indre Årnes i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Skarsvågklubben i nord og Ytre Årnes i sør. Ytre, Midtre og Indre Lysnes er tre grender langs vestsida av fjorden.

Riksveg 861 går langs dei indre og vestlege delane av fjorden ut til Midtre Lysnes. Frå her og nordover går Fv271 vidare utover.