Marit
kvinnenamn
(Omdirigert frå Märit)
Marit er eit kvinnenamn, avleia av Margrete, som er vanleg i heile Norden. I Noreg var det mest populært rundt 1950 (sidan namnestatistikk har blitt ført), då var det i bruk av nesten 2,5 % av den kvinnlege befolkninga som førenamn. I dag (2004) er det tilsvarande talet 0,1%. Mette-Marit, den norske kronprinsessa, er ein av dei kjende personane med dette namnet.
Marit har namnedag 20. juli.
Kjende namneberar
endre- Marit Tusvik (f. 1951), norsk forfattar
- Marit Breivik (f. 1955), norsk handballutøvar
- Marit Kaldhol (f. 1955), norsk forfattar
- Marit Arnstad (f. 1962), norsk politikar
- Marit Eikemo (f. 1971), norsk forfattar
- Marit Bjørgen (f. 1980), norsk langrennsløpar
- Marit Larsen (f. 1983), norsk musikar
- Marit Malm Frafjord (f. 1985), norsk handballspelar
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Marit hjå Statistisk Sentralbyrå