Marit Bjørgen (fødd 21. mars 1980) er ein norsk langrennsløpar, som med åtte gull-, fire sølv- og tre bronsemedaljar er tidenes mestvinnande vinterolympiar.[1] Ho er fødd i Trondheim og voks opp på Rognes i Midtre Gauldal kommune.

Marit Bjørgen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. mars 1980 (44 år)
Trondheim
Idrett langrenn
Tok del i Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2002, cross-country skiing at the 2006 Winter Olympics – women's 10 kilometre classical, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 10 kilometer fristil kvinner, cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics – women's 4 × 5 kilometre relay, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 4 x 5 kilometer stafett kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 30 kilometer klassisk kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2014 – 30 kilometer fristil kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 15 kilometer jaktstart kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2014 – 15 kilometer skiathlon kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2010 – Sprint kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2014 – Lagsprint kvinner, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015, Ski-VM 2017, Vinter-OL 2018
Utmerkingar Aftenpostens Gullmedalje, Fearnleys olympiske ærespris, Holmenkollmedaljen, Olavstatuetten, Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris, Sportsjournalistenes statuett, Sør-Trøndelag fylkes kulturpris, Peer Gynt-prisen, Årets trønder, Idrettsgallaens hederspris

Ho er den som har vunne flest VM-medaljar i langrenn med 26 medaljar, 18 av dei gullmedaljar: Ein frå 2003, tre frå 2005, fire frå 2011, fire frå 2013, to frå 2015 og fire frå 2017.

Bjørgen blei kalla «VM-dronninga» av Oberstdorf i 2005 med tre gull, ein sølv og ein bronse.[2] Etter svake resultat i meisterskapa i 2006, 2007 og 2009 blei ho «OL-dronning» i OL 2010 i Vancouver med tre gull, ein sølv og ein bronse.[2] Bjørgen blei dermed den tredje norske utøvaren gjennom tidene og den første sidan 1924 med fem medaljar i eitt og same OL. Både i VM 2011 og 2013 tok Bjørgen fire gull og ein sølv. Også i OL 2014 i Sotsji tok Bjørgen tre gull.

Bjørgen har vunne verdscupen samanlagd fire gonger, sprintverdscupen fire gonger og distansecupen to gonger. Ho er med sine 112 sigrar den langrennsløparen i verda som har vunne flest verdscuprenn individuelt. Ho har også 29 verdscupsigrar i stafett og vunne 24 norske meisterskap i langrenn. Ho vann Tour de Ski 2014/15.

Bjørgen er sambuar med den tidlegare kombinertløparen Fred Børre Lundberg. Dei har to barn.[3]

Marit Bjørgen vann gullmedalje under Vinter-OL 2010.

Idrettskarriere

endre

Som barn dreiv Marit Bjørgen allsidig idrett – langrenn, fotball og handball. I langrenn var Idar Terje Belsvik trenar og smørjar for henne frå ho var ni til ho byrja på juniorlandslaget.[4] Bjørgen likte å trene hardt, og hevda seg godt i aldersbestemte klasser. Første gongen ho ikkje vann eit skirenn var ved ei tevling i Funäsdalen då ho var i 14–15-årsalderen.[4] Ho kom med på juniorlandslaget i 1998,[5] og som attenåring vann Bjørgen kvinneklassen i det 56 km lange Rensfjellrennet i 1999.[6] Ho debuterte i verdscupen som nittenåring 27. desember 1999 i Engelberg med ein 39. plass i et sprintrenn. I 2000 gjekk ho på det norske laget som tok VM-gull i lagtempo på rulleski.[7]

Inn i verdseliten (2002–2005)

endre

Bjørgen fekk gjennombrotet sitt i seniorklassen då ho kom på tredjeplass på 5 km klassisk under NMSteinkjer i 2001. Dette førte til at ho blei teken ut på det norske laget under VM 2001 i Lahtis. Ho blei teken opp på Norges Skiforbund sitt elitelag i 2001.[5]

På sprinten i Düsseldorf 26. oktober 2002 vann ho sitt første verdscuprenn. Etter dette blei ho raskt ein av verdas beste sprinterar. Bjørgen tok tre verdscupsigrar i sprintrenn i sesongen 2002/2003, og ho vann sprintverdscupen denne sesongen. Ho vann sprintøvinga under VM i 2003, og blei tildelt Olavstatuetten i 2003. I sesongen 2003/2004 kom ho på andreplass i verdscupen samanlagt. Etter kvart blei ho også betre på lengre distansar, og vann sitt første verdscuprenn i distanselangrenn i Gällivare 20. november 2004. På landslaget var Svein Tore Samdal trenaren hennar.[8][9]

Allereie 6. mars 2005, med 4 renn att av sesongen, blei Marit Bjørgen kåra til vinnar av verdscupen i langrenn. Dette vart klart etter verdscupstemnet i Lahti der ho ikkje deltok grunna sjukdom. Kristina Šmigun på andre plass var så langt bak at ho ikkje hadde moglegheit til å inn att det tapte før sesongslutt. Den store leiinga i verdscupen gjorde at Marit Bjørgen var storfavoritt på fleire distansar før ski-VM i Oberstdorf i 2005 og innfridde favorittstempelet ved å blant anna ta gull på 30 km klassisk, ein distanse som ikkje har vore rekna blant hennar sterkaste. Same året blei ho tildelt Aftenpostens Gullmedalje.

Sjukdom og nedturar (2006–2009)

endre

Vinteren 2006 var ho i storform, men influensa øydela oppkjøringa mot OL i Torino. OL vart eit stor vonbrot for Bjørgen, og ho måtte dra heim med berre éin medalje (sølv på 10 km klassisk). Til NRK uttalte ho at ho gledde seg til å dra heim frå «hølet» Pragelato. Enkelte meinte at ho ville få problem med å koma seg att, mellom anna på grunn av ein kraftig knekk i sjølvtilliten. Likevel vann ho allereie det første verdscuprennet etter OL, Vasaloppet for kvinner på 45 km klassisk, og dét over eit og eit halvt minutt før den næraste konkurrenten, Hilde Gjermundshaug Pedersen. Ho gjorde det bra i og vann verdscupen også denne sesongen.

Nyttårsaftan 2006 vann Bjørgen det aller første rennet, sprint fristil, i nyskapinga Tour de Ski. Trass i at ho blei nummer to i verdscupen, blei også 2007 eit skuffande år for Bjørgen. Ho vann to verdscuprenn, men var ikkje i form under VM i Sapporo og kom heim utan individuelle medaljar. Etter eitt år med Egil Kristiansen som landslagstrenar blei Svein Tore Samdal i 2007 hyra inn som personleg trenar for Bjørgen.

Før sesongen 2007/2008 virka Bjørgen å vera tilbake i form. Ved verdscupopningaBeitostølen vann ho sin første verdscupsiger i eit distanseløp i fristil. Den 2. desember vann ho 10 km klassisk i Kuusamo, hennar 30. verdscupsiger totalt. I Tour de Ski gjorde ho det bra i byrjinga og leia, men ho blei sjuk, og måtte avslutte touren. Ho gjekk dermed glipp av alle verdscupspoenga ho såg ut til å vinne i dei første løpa. Dette øydela sjansen hennar til å vinne verdscupen, men ho gjennomførte ei brukbar sesongavslutting med andreplass på dobbel jaktstart i Falun, og tredjeplass på 10 km klassisk fellesstart i verdscupfinalen i Bormio. Ho kom på 11. plass i verdscupen til slutt. Dei dårlige resultata førte til debatt om Bjørgen sine treningsmetodar.[10][11]

Sjølv om målet for sesongen 2008/09 var å vera i toppform under VM i Liberec, blei sesongen lik den føre. Bjørgen var i toppform i starten av sesongen og så gjekk det nedover etter jul. Ho tok fire pallplasseringar i verdscupen før jul, to i Tour de Ski, men ingen etter nyttår. Dei beste verdscupplasseringene var to andreplassar, bak Charlotte Kalla på 10 km fristil under opninga i Gällivare og bak Virpi Kuitunen på 10 km klassisk i Oberhof i Tour de Ski. Like før VM blei ho sjuk, og for første gong sidan VM i Lahtis i 2001 ende ho utan medaljar. Fjerdeplass på stafetten blei beste resultat. Under VM i Liberec innsåg Bjørgen at ho måtte kutta ut den harde bolktreninga fordi det blei for tungt å ta seg inn igjen etter dei harde periodane.[12] Ho blei nummer ti i verdscupen samanlagd denne sesongen.

Gullsesongen 2009/2010

endre
 
Marit Bjørgen på veg mot gull på 15 km dobbel jaktstart under OL i Vancouver 2010.
Foto: Bjarte Hetland

Forsesongen

endre

Ved byrjinga av OL-sesongen 2009/10 var Marit Bjørgen igjen i godt slag, med OL som det store målet. Før sesongen endra ho treningsopplegget sitt, arbeidde med å koma over vonbrotet i fortida og prioriterte balanse-, koordinasjons- og teknikktrening.[13] Ho gjekk inn til suveren seier på begge distansar under den nasjonale opninga på Beitostølen, og i verdscupopninga same sted vann ho 10 km fristil, den første verdscupsigeren hennar på nesten to år. Til gjengjeld vann ho med heile halvminuttet til svenske Charlotte Kalla, medan Anna Haag blei nummer tre.

Etter å ha stått over renna i Kuusamo, presterte Bjørgen godt i dei renna som var igjen før jul. I Düsseldorf blei ho nummer åtte på sprinten, og på 10 km fristil i Davos blei ho nummer fire. På sprinten i fristil same helg tok ho andreplass, før ho vann den klassiske sprinten i Rogla etter å ha spurtslått polske Justyna Kowalczyk på oppløpet. Det var hennar første verdscupsiger i sprint på tre år, og den første i klassisk på heile fem år. Etter ein andreplass på 15 km klassisk, fellesstart kunne Bjørgen ta juleferie med den gule leiartrøya i behald.

Bjørgen mista verdscupleiinga sidan ho ikkje deltok i Tour de Ski, men ho var tilbake med ein andreplass bak Kowalczyk i det første rennet etter touren. Distansen var 10 km klassisk og gjekk i estiske Otepää.

OL i Vancouver

endre

Under OL i Vancouver gjekk Bjørgen inn til bronse på den innleiande øvinga 10 km fristil, bak Charlotte Kalla og Kristina Šmigun-Vähi. 17. februar 2010 blei ho olympisk meister på sprint klassisk. Ho gjekk raskast i prologen og vann både sitt kvartfinale- og semifinaleheat. I finalen gjekk ho inn til ein klar siger framføre Justyna Kowalczyk og Petra Majdič. Bjørgen blei dermed den andre norske kvinna som tok olympisk gull i individuelt langrenn, den første var Bente Skari i OL 2002 i Salt Lake City. Noreg hadde dessutan to stafettgull frå før, i 1968 og 1984. 19. februar gjekk Bjørgen inn til OL-gull nummer to då ho vann 15 km dobbel jaktstart (fellesstart med skibytte) med 8,9 sekunds margin til Anna Haag, med Justyna Kowalczyk på bronseplass.

Bjørgen tok sitt tredje OL-gull 25. februar då ho gikk ankeretappen for det norske laget på 4 × 5 km stafett. Vibeke Skofterud, Therese Johaug og Kristin Størmer Steira var dei andre på vinnarlaget. 27. februar tok Bjørgen sølv på 30 km klassisk, berre ein meter bak Justyna Kowalczyk. Dermed tok Marit Bjørgen i alt tre gull, ein sølv og ein bronsemedalje under OL i Vancouver. For tredje gong klarte ein norsk utøvar å ta fem medaljar i eitt og same OL: Den første var skyttaren Otto Olsen som tok tre gull og to sølv under Sommar-OL 1920 i Antwerpen og den andre var skøyteløparen Roald Larsen som i Vinter-OL 1924 tok to sølv og tre bronse. For sine framståande prestasjonar under OL blei Bjørgen tildelt Fearnleys olympiske ærespris. Prisen blei overrekt på regjeringsfesten for dei OL-akkrediterte 17. april 2010.[14]

I sesongen 2009/2010 hadde Bjørgen løyve til å bruka eit legemiddel mot astma med eit verkestoff som stod på WADA si liste over forbodne substansar, også etter siste revisjon frå 1. januar 2010. Eit slikt løyve kan ein få etter søknad om medisinsk fritak frå dopinglista.[15] Bjørgen blei kritisert av Justyna Kowalczyk for dette.[16] Kowalczyk meinte det burde opprettast ei felles legeordning for alle langrennsløparar i verda med astma.[17] Bjørgen fortalde at ho hadde fått astmamedisinen godkjend av ein spesialist.[18] Det er i dag mykje vanlegare med astma hjå toppidrettsutøvarar enn i befolkninga elles.[19]

Sesongavsluttinga

endre

Etter dei olympiske leikane var Bjørgen utan sjanse til å vinna verdscupen samanlagd, men ho presterte likevel godt. I Lahtis vann ho dobbel jaktstart med omtrent same margin som i Whistler, 10 sekund. ho gjekk også siste etappe på det norske stafettlaget som vann verdscupstafetten same stad. Bjørgen fortsette på medgangsbølgja og vann også den klassiske sprinten i Drammen. Finske Saarinen og Muranen tok resten av pallplasseringane i nemnde rekkjefølgje.

I Holmenkollen 13. mars vann Bjørgen 30 km fellesstart framfor Kristin Størmer Steira og Therese Johaug. For første gong på 25 år blei det tredobbelt norsk resultat i verdscupen i kvinnelangrenn. Gongen før var òg i Holmenkollen, 16. mars 1985, då det blei firedobbelt med Anette Bøe, Grete Nykkelmo, Brit Pettersen og Anne Jahren. Under Holmenkollarrangementet tildelte Skiforeningen Bjørgen Holmenkollmedaljen. I grunngjevinga frå juryen heiter det at «Marit Bjørgen tildeles medaljen for sine topprestasjoner over tid og sin evne til å kjempe seg tilbake til toppen etter formsvikt».[20] 14. mars gjekk Bjørgen inn til sin fjerde strake verdscupsiger då ho vann sprint fristil i Holmenkollen.

På sin 30-årsdag 21. mars 2010 gjekk Bjørgen inn til sin femte verdscupsiger på rad då ho vann verdscupfinalen i Sverige. Verdscupfinalen bestod av klassisk sprint i Stockholm og 2,5 km klassisk prolog, 10 km duatlon og avsluttande 10 km fri med jaktstart i Falun. Dermed kom Bjørgen på andreplass i verdscupen samanlagd både i sprintcupen og distansecupen, i alle på plassen bak Justyna Kowalczyk.

Idrettsgallaen 2011 blei Marit Bjørgen tildelt prisen for «årets kvinnelege utøvar» i 2010.

Gullsesongen 2010/2011

endre
 
Frå 15 km duatlon under VM 2011.
Foto: Torstein Frogner

Sesongen 2010/11 fortsette Bjørgen der ho slapp føre sesong med siger i den nasjonale sesongopninga på Beitostølen og i dei to første verdscuprenna. I det første i Gällivare vann ho med 41 sekund på Charlotte Kalla på 10 km fri. I det andre, «mini-Touren» i Kuusamo, vann ho både den klassiske sprinten og 5 km klassisk og gjekk inn til ein suveren samanlagd siger etter den avsluttande jaktstarten. Bjørgen hadde dermed vunne sju verdscuprenn på rad. Etter å ha stått over sprinten i Düsseldorf, vann Bjørgen også dei påfølgjande tre renna i Davos og La Clusaz. Bjørgen hadde dermed vunne ti verdscuprenn på rad av dei ho stilte til start i. Som i føre sesong valde ho å gje avkall på Tour de Ski for i staden å konsentrera seg om målet for sesongen, VM i Holmenkollen.[21] Ho vann sin 43. verdscupsiger i Otepää 22. januar 2011 og gjekk dermed forbi Bente Skari i mengda verdscupsigrar.[22] Under NM 2011Steinkjer kom ho til topps på alle tre individuelle distansar.

Bjørgen var storfavoritt før VM i Holmenkollen. Ho innfridde allereie på den innleiande sprinten i fristil, der ho vann framfor Arianna Follis og Petra Majdič. 26. februar tok ho sin andre gullmedalje, då på 15 km dobbel jaktstart. Etter å ha gått saman med Justyna Kowalczyk og Therese Johaug store delar av løpet, rykka Bjørgen frå dei like før mål, og vann med margin på 7,5 sekund på førstnemnde.[23] Bjørgen vann også 10 km klassisk med intervallstart, 4,1 sekund foran Justyna Kowalczyk. Bjørgen gjekk ankeretappen på det norske stafettlaget som vann 4×5 km stafett. Der gjekk ho saman med Vibeke Skofterud, Therese Johaug og Kristin Størmer Steira. På den avsluttande 30 km fristil blei Bjørgen nummer to etter at Therese Johaug rykka frå og vann ein suveren siger. Bjørgen ende dermed med fire gull og ein sølv i VM, og kunne med rette for andre gong kallast «VM-dronning».

I Lahtis kom Bjørgen på fjerdeplass i duatlon og blei dermed for første gong på over eit år overvunnen i eit verdscuprenn i distanselangrenn. Ho vann sprinten i Lahtis og tangerte Jelena Välbe sine 45 sigrar i verdscupen. Ho vann verdscupfinalen i Stockholm og Falun og tangerte dermed Bjørn Dæhlie sine 46 verdscupsigrar. Totalt blei ho nummer to i verdscupen samanlagd etter Justyna Kowalczyk. Ho vann også den avsluttande NM-øvinga i 30 km fristil i Storelva i Tromsø.

Sportsjournalistar frå 79 land kåra Marit Bjørgen til verdas beste kvinnelege utøvar for 2011.[24]Idrettsgallaen 2012 blei ho tildelt dei to prisane «årets kvinnelege utøvar» og «årets førebilde» for innsatsen i 2011.

Sesongen 2011/2012

endre

Sesongen 2011/12 byrja som den føre: Bjørgen vann det første verdscuprennet i 10 km fri framfor Charlotte Kalla, denne gongen på Sjusjøen. Dette var hennar 47. siger, ho passerte Bjørn Dæhlie og er dermed den langrennsløparen som har hatt flest sigrar i enkeltrenn. Ei veke seinare vann ho både klassisk sprint, 5 km fri og samanlagd i «mini-touren» i Kuusamo. Bjørgen vann også det tredje distanserennet i sesongen, 15 km fri i Davos. Bjørgen blei sjuk og reiste heim i staden for å delta i Rogla siste helg før jul.[25]

I ein meisterskapsfri sesong var Tour de Ski 2011/12 det store målet for sesongen. Justyna Kowalczyk starta med å vinna dei tre første etappane. Bjørgen vann dei fire neste før Justyna Kowalczyk slo tilbake og vann den åttande etappen. Før den avsluttande etappen opp slalåmbakken i Val di Fiemme leia Kowalczyk med elleve sekund. Bjørgen tok igjen Kowalczyk, men opp slalåmbakken gjekk Kowalczyk ifrå og vann med 28 sekund. Kowalczyk var i storform i januar og vann tre renn til før Bjørgen vann igjen, 10 km fristil i Rybinsk. Etter sigeren på 15 klassisk i Nové Město na Moravě tok Bjørgen tilbake leiinga i verdscupen.[26] På heimebane i Szklarska Poręba vann Kowalczyk igjen og overtok igjen leiartrøya i verdscupen.[27] I mars kom Bjørgen tilbake i toppform og vann dei fire siste verdscuprenna: i Lahtis, Drammen, Holmenkollen og verdscupfinalen i Stockholm og Falun. Ho vann verdscupen samanlagd, 270 poeng framfor Justyna Kowalczyk.

Sesongen 2012/2013

endre
 
Marit Bjørgen med gullmedaljen etter å ha vunne 30 km klassisk i VM 2013 i Val di Fiemme.
Foto: Tadeusz Mieczyński

Etter å ha blitt slått av Therese Johaug i den norske sesongopninga på Beitostølen sesongen 2012/13, slo Marit Bjørgen tilbake og vann verdscupopninga i Gällivare. Ho vann også det andre verdscuprennet i sesongen, «mini-touren» i Kuusamo. Ho valde å stå over renna i Canada for å førebua seg til eitt av dei store måla i sesongen, Tour de Ski 2012/13. Under trening heime i Trøndelag like før jul opplevde ho hjarterytmeforstyrring, og på grunn av dette stod ho over Tour de Ski denne sesongen.[28] I «come-backet» etter hjarterytmeforstyrringa, i franske La Clusaz, gjekk ho til topps på 10 km klassisk, fellesstart. Under NM 2013Gåsbu i Hamar gikk ho inn til en suveren siger på 10 km fri med individuell start, 37 sekund framfor Therese Johaug. I sprint blei det tredjeplass, medan ho på 15 km duatlon vann sitt 16. NM-gull. Ho tangerte dermed rekorden over norske meisterskap i langrenn som Oddvar Brå hadde frå 1987 og som Bente Skari tangerte i 2003.

I VM 2013 i Val di Fiemme blei det fire gull og ein sølv på dei fem distansane Bjørgen gikk. På den første VM-distansen, sprint klassisk vann ho framfor Ida Ingemarsdotter og Maiken Caspersen Falla. På 15 km duatlon blei det firedobbel norsk siger: Bjørgen vann framfor Therese Johaug, Heidi Weng og Kristin Størmer Steira. Det var det tiande VM-gull til Bjørgen, og ho passerte dermed Bjørn Dæhlie sine ni VM-gull. På 10 km fri teknikk med individuell start leia også Bjørgen undervegs, men måtte til slutt ta til takke med sølv, slått av Therese Johaug med russiske Julija Tsjekaljova på tredjeplass.

Det norske stafettlaget på 4×5 km var storfavorittar etter at dei fire løparane på laget var dei fire beste på 15 km duatlon.[29] Det blei gull framfor Sverige og Russland med Bjørgen på siste etappe etter at Heidi Weng, Therese Johaug og Kristin Størmer Steira hadde gått dei tre første.[30] Ho oppnådde hovudmålet for sesongen, å vinna 30 km klassisk, etter å ha distansert Kowalczyk og Johaug like før mål. Det var Bjørgen sitt tolvte VM-gull, og ho hadde berre Jelena Välbe (14) foran seg på lista over mestvinnande VM-medaljørar i langrenn.

Sesongen 2013/2014

endre

Marit Bjørgen blei også sesongen 2013/14 slått av Therese Johaug i den norske sesongopninga på Beitostølen, men slo tilbake med siger i verdscupopninga, som denne gang var «mini-Touren» i Kuusamo. Bjørgen plussa på sigersrekka med to verdscupsigrar i Davos. I Tour de Ski 2013/14 vann Bjørgen prologen i Oberhof, men etter dei to neste etappane blei ho sjuk og reiste heim. I midten av januar blei ho nummer tre på 10 km klassisk i noregsmeisterskapen på ski 2014, som på grunn av snømangel var flytta frå Molde til Lillehammer. Therese Johaug og Heidi Weng tok dei to første plassane. I dei siste to verdscuprenna før Vinter-OL 2014 i Sotsji viste Bjørgen gryande storform og vann både 10 km klassisk og sprint fristil.

15 km duatlon var første distanse i OL. Berre Bjørgen klarte å følgja rykket til Charlotte Kalla i den siste bakken to kilometer før mål. Inn mot mål gjekk Bjørgen forbi Kalla og gjekk i mål til sitt fjerde OL-gull totalt. Heidi Weng fekk bronse. På sprint fristil tre dagar seinare blei Bjørgen utslått i semifinalen etter å ha falle på oppløpet. På 10 km klassisk ende ho på ein 5. plass. Justyna Kowalzcyk vann suverent framfor Charlotte Kalla og Therese Johaug. På 4 × 5 km stafett var Noreg storfavorittar etter å ha vunne alle stafettar i meisterskap og i verdscupen dei siste tre åra. Men i det varme vêret rundt Laura ski- og skiskytingkompleks blei det smørebom på det norske laget; Noreg ende på femteplass med Bjørgen på siste etappe etter at Heidi Weng, Therese Johaug og Astrid Uhrenholdt Jacobsen hadde gått dei tre første.

Marit Bjørgen og Ingvild Flugstad Østberg representerte Noreg i lagsprint for kvinner. Østberg hadde første etappe og Bjørgen hadde ankeretappen. I semifinalen vann dei suverent framfor Sverige og USA. I finalen var det Noreg og Finland som var dei største favorittane. Etter ein god etappe av Bjørgen leia dei med nokre sekund på Finland. Østberg gjorde det same på etappane sine og dei vann klart framfor Finland på andre- og Sverige på tredjeplass.

På 30 km fristil sikra Bjørgen seg sitt tredje gull i Sotsji-OL. Det var denne sigeren Bjørgen hadde sikta seg inn mot som eit hovudmål i dette OL-et.[31] Therese Johaug og Kristin Størmer Steira sikra tredobbelt norsk. Det var tolvte gang i OL-historia det blei tredobbelt norsk, og første gong i ei kvinneøving.[a] Dette var det sjette OL-gullet til Bjørgen. Ho rykka dermed opp på tredjeplass på lista over mestvinnande vinterolympiarar, bak Bjørn Dæhlie på andre og Ole Einar Bjørndalen på første.

Bjørgen vann både i Lahti og Holmenkollen og låg 39 poeng bak Therese Johaug i verdscupsamandraget før verdscupfinalen i Falun. Bjørgen vann sprinten og låg berre tre poeng bak Johaug før dei siste to øvingane.[32] På 15 km duatlon gjekk Johaug ifrå Bjørgen og fekk 15 sekunds leiing før den avsluttande jaktstarten over 10 km fri.[33] Dette klarte Bjørgen aldri å ta igjen, og ho ende opp med andreplass både i verdscupen samanlagd og i distansecupen. Bjørgen hadde vunne flest bonuspoeng i løpet av sesongen og kunne innkassera BMW xDrive-trofeet, ein BMW X1.[34]

Då Bjørgen vann 30 km fristil under NM del toGålå tok Bjørgen sitt syttande NM-gull. Ho er dermed mestvinnande langrennsløpar i tal NM-gull.[35]

I juli 2014 tok Bjørgen imot den internasjonale prisen «Fair Play Mecenate».[36]Idrettsgallaen 2015 blei ho kåra til årets kvinnelege utøvar for 2014.

Sesongen 2014/2015

endre

Sesongen 2014/2015 starta med hard kniving mellom Bjørgen og Therese Johaug. Bjørgen og Johaug vann kvart sitt renn i den nasjonale sesongopninga på Beitostølen. Av sju konkurransar i verdscupen før jul vann Bjørgen fire, Johaug to, mens Ingvild Flugstad Østberg vann eitt sprintrenn. I Tour de Ski 2015 vann Bjørgen dei fem første renna. Ingen hadde gjort det før henne.[37] Bjørgen vann samanlagd ett minutt og 39 sekunder foran Therese Johaug, med Heidi Weng på tredjeplass og Ragnhild Haga på fjerde.

Etter siger i sprint og andreplass på 10 km i Östersund i dei siste renna før VM i Falun, hadde Bjørgen allereie vunne verdscupen samanlagd.[38] I VM gjekk Bjørgen til topps på den første distansen, sprint klassisk, framfor Stina Nilsson og Maiken Caspersen Falla. Det blei sjetteplass på 15 km duatlon, og Bjørgen valde å stå over lagsprinten. På 10 km fri med intervallstart blei det smørebom for heile det norske laget, og Bjørgen hamna på 31. plass. Bjørgen gikk fjerde etappe på det norske laget som tok gull på 4 x 5 km stafett. Heidi Weng, Therese Johaug og Astrid Uhrenholdt Jacobsen gjekk dei første tre etappene. Dette var Bjørgen sin 14. gullmedalje i VM. Ho gjekk dermed forbi Jelena Välbe som mestvinnande VM-medaljør i langrenn, men låg framleis likt i talet på gullmedaljar. På den avsluttande 30 km klassisk tok Bjørgen sølv, bak suverene Therese Johaug.

Bjørgen vann begge renna i Lahti og den avsluttande tremila i Holmenkollen. Dette var Bjørgen sin 75. siger i eit verdscuprenn og hennar femte på tremila i Holmenkollen.[39] Bjørgen sikra seg denne sesongen siger både i sprintcupen og i distansecupen i tillegg til i verdscupen samanlagd.

Det var lenge usikkert om Bjørgen ville leggja opp eller ikkje etter sesongslutten, men 13. april 2015 gjorde ho det klart at planen var å satsa i minst ein sesong til.[40] Den 23. juni 2015 kom ho derimot med kunngjeringa om at ho venta barn med sambuaren Fred Børre Lundberg, og dermed ville stå over sesongen 2015/2016.[41] Ho fekk sin første son 26. desember 2015.[42]

I 2015 endra Det internasjonale skiforbundet teljinga av verdscupsigrar slik at også etappeseigrar i «tour»-konkurranser tel som verdscupsigrar. Bjørgen hadde dermed ikkje 75, men 102 verdscupsigrar.[43]

Sesongen 2015/16

endre

Bjørgen sitt første skirenn etter fødselen var det lokale Marit Bjørgen-rennet på Støren, eit renn på 42 km. Der vann ho klassen K36-40, som einaste deltakar, med tida 2:16,32.[44] Ho planla å delta i NM del 2 på Beitostølen i mars, men måtte stå over på grunn av belastningsskade i hofta. Same skade gjorde at ho også måtte stå over Skarverennet.[45] Ho trente etter dette ikkje for fullt gjennom sommaren 2016.

Sesongen 2016/17

endre

Ved sesongopninga på Beitostølen 19. november vann Bjørgen 10 km fristil, elleve sekund framfor Heidi Weng. Ho vann også 10 km klassisk ved verdscuprenn-opningshelga i Kuusamo 27. november, hennar 103. verdscupsiger gjennom karrieren.[46] Bjørgen valde å stå over Tour de Ski 2016/17 for å konsentrera seg om VM i Lahtis.[47] Ho vann verdscuprenna i Ulricehamn (10 km fri teknikk), i Falun (15 km klassisk) og i Otepää (10 km klassisk) som var det siste rennet før VM. Innimellom dette vann ho også 10 km klassisk og 15 km duatlon under NM på Lygna.

Under VM blei ho utslått i kvartfinalen på sprinten, der ho deltok som tittelforsvarar. Ho tok gull på 15 km duatlon. Dette var hennar femtande VM-gull, og ho står dermed åleine som mestvinnande i talet på gullmedaljar i ski-VM.[48] Ho vann også 10 km klassisk med ein sigersmargin på 41 sekund til sølvmedaljevinnaren Charlotte Kalla. Dette var hennar største sigersmargin på alle dei til då seksten VM-gulla hennar.[49] På 4 × 5 km stafett gjekk Bjørgen ankeretappen på det norske laget som tok gull framfor Sverige og Finland. Maiken Caspersen Falla, Heidi Weng og Astrid Uhrenholdt gjekk dei tre første etappane. På avsluttingsdistansen 30 km fristil blei det firedobbelt norsk: Marit Bjørgen vann foran Heidi Weng, Astrid Uhrenholdt Jacobsen og Ragnhild Haga. Det var Bjørgen sitt 18. VM-gull.

Den 12. mars 2017 vann Bjørgen ein suveren siger på 30 km klassisk i Holmenkollen. Det var hennar sjette siger på tremila i Holmenkollen, på dagen tolv år etter hennar første. Ho avslutta verdscupsesongen med to etappesigrar og siger samanlagd i verdscupfinalen i Quebec. I NM del to på Gålå vann ho 5 km og 30 km og kom opp i 21 NM-gull, alle i individuelt.[50]

Sesongen 2017/18

endre

Bjørgen vann både 10 km klassisk og 10 km fristil under sesongopninga på Beitostølen 17. og 19. november. Ho kom ikkje vidare frå prologen under verdscupopninga i Ruka; Berre to norske kvinner gjekk vidare, og smøresjef Knut Nystad innrømma smørebom.[51] På del to av «mini-touren», 10 km klassisk, gjekk Bjørgen til topps og sikra seg sin 111. verdscupsiger. Deretter følgde ein del renn der Bjørgen ikkje hamna på pallen før ho slo til med siger i det siste verdscuprennet før jul, 10 km jaktstart i Toblach. Ho gjekk ut 22 sekund bak Charlotte Kalla, men tok henne igjen og spurtslo dei norske lagvenane Ingvild Flugstad Østberg og Heidi Weng.[52] Det var den 112. verdscupsigeren til Bjørgens. Ho valde som i dei føregåande sesongane å stå over Tour de Ski. I noregsmeisterskapen på ski 2018Gåsbu vann Bjørgen alle dei tre individuelle konkurransane: sprint klassisk, 10 km fri og 15 km duatlon. Bjørgen var dermed oppe i 24 norske meisterskap.

Under Vinter-OL 2018 fekk ho sølv på opningsdistansen, 15 km skiathlon, bak Charlotte Kalla. På 10 km fristil med intervallstart tok Bjørgen bronse, bak Ragnhild Haga og Charlotte Kalla. På 4 × 5 km stafett gjekk Bjørgen ankeretappen på det norske laget som tok gull. Ingvild Flugstad Østberg, Astrid Uhrenholdt Jacobsen og Ragnhild Haga gjekk dei tre første etappane. Bjørgen gjekk ut på siste etappe 3,4 sekund bak Russland og Sverige.[53] Bjørgen gjekk opp i teten og drog og rykka på den siste bakketoppen slik at spurtsterke Stina Nilsson ikkje klarte å ta henne igjen. På lagsprinten, som gjekk i fristil, vann det norske laget der Bjørgen gjekk saman med Maiken Caspersen Falla bronse. Bjørgen hadde eit OL-mål om å ta ein individuell gullmedalje, og lukkast i den avsluttande øvinga i OL, 30 km langrenn i klassisk stil. Bjørgen gjekk tidleg opp i teten, og feltet skrumpa inn. På den andre av fire 7,5 km-rundar var det ingen konkurrentar som klarte å hengja med. Bjørgen vann til slutt med heile 1 minutt og 49,5 sekund framfor finske Krista Pärmäkoski og med svenske Stina Nilsson på tredjeplass.[54] Det var det åttande OL-gullet til Bjørgen, same mengd som Ole Einar Bjørndalen og Bjørn Dæhlie hadde vunne. Alle tre har fire sølvmedaljar, men Bjørgen har fleire bronsemedaljar enn dei andre to og er dermed den mestvinnande vinterolympiane gjennom tidene. Ho kom også på sjetteplass av alle olympiarar, etter Michael Phelps med 23 gull og Larisa Latynina, Paavo Nurmi, Mark Spitz og Carl Lewis som alle har ni gull. For andre gong vann Bjørgen fem medaljar i eitt OL. Bjørgen sitt OL-gull sikra også at Noreg blei beste nasjon i Vinter-OL 2018, framfor Tyskland. Bjørgen fekk utdelt gullmedaljen på OL-avsluttingsseremoniem.

Bjørgen vann tremila i Holmenkollen for sjuande gong etter at ho 1,5 km før mål hadde innhenta eit forsprang på 36 sekund.[55] Bjørgen avslutta verdenscupkarrieren sin med siger i verdscupavslutningen i Falun. Det var den 114. verdscupsigeren hennar.

Etter OL sa Bjørgen at ho kom til å tenkja på om ho kom til å leggja opp som langrennsløpar. Under NM del 2 i Alta, 6. april 2018, gjorde Bjørgen det kjend at ho kom til å gje seg.[56]

Merittar

endre

Olympiske leikar

endre
Konkurranse Sprint Lagsprint 10 km Duatlon 30 km 4 x 5 km stafett 15 km
  2014 Sotsji 11. plass F Gull K 5. plass K Gull Gull F 5. plass 4
  2010 Vancouver Gull K Deltok ikkje Bronse F Gull Sølv K Gull 4
  2006 Torino 18. plass F 4. plass K Sølv K Deltok ikkje Deltok ikkje 5. plass 4
  2002 Salt Lake City Deltok ikkje Deltok ikkje Deltok ikkje 14. plass K Sølv 1 50. plass F

Verdsmeisterskap

endre
Konkurranse Sprint Lagsprint 10 km Duatlon* 30 km 4 x 5 km stafett 15 km
  2017 Lahtis 16.-plass F Deltok ikkje Gull K Gull Gull F Gull 4
  2015 Falun Gull K Deltok ikkje 31.-plass F 6.-plass Sølv K Gull 4
  2013 Val di Fiemme Gull K Deltok ikkje Sølv F Gull Gull K Gull 4
  2011 Oslo Gull F Deltok ikkje Gull K Gull Sølv F Gull 4
  2009 Liberec 9.-plass F Deltok ikkje 16.-plass K 19.-plass Deltok ikkje 4.-plass 1
  2007 Sapporo 10.-plass K Bronse F 22.-plass F 12.-plass 9.-plass K Bronse 2
  2005 Oberstdorf 16.-plass K Gull F Bronse F Sølv Gull K Gull 4
  2003 Val di Fiemme Gull F Deltok ikkje Deltok ikkje Deltok ikkje Sølv 2 24.-plass K
  2001 Lahtis Deltok ikkje 24.-plass K 19.-plass Avlyst ** Deltok ikkje Deltok ikkje

.* Duatlon refererer i 2001 til 5 km klassisk med intervallstart etterfølgd av 5 km fristil med jaktstart. Frå 2005 er duatlon fellesstart 7,5 km klassisk etterfølgd av 7,5 km fristil.
** 30 km langrenn for kvinner i 2001 måtte avlysast på grunn av sterk kulde (-23 °C).
F = Fristil, K = klassisk stil; Tallet på 4 x 5 km stafett markerer kva etappe Bjørgen gjekk; 1 og 2 i klassisk stil, 4 i fristil.

Verdscupsigra, individuelt

endre

Verdscupsigrar som ikkje er etappesigrar i «tou]»-ar:

Nr. Dato Stad Distanse
1. 2002-10-2626. oktober 2002   Düsseldorf Sprint fristil
2. 2002-12-1111. desember 2002   Clusone Sprint fristil
3. 2003-02-1212. februar 2003   Reit im Winkl Sprint fristil
4. 2003-12-1616. desember 2003   Val di Fiemme Sprint klassisk
5. 2004-01-1818. januar 2004   Nové Město Sprint fristil
6. 2004-02-1818. februar 2004   Stockholm Sprint klassisk
7. 2004-02-2424. februar 2004   Trondheim Sprint fristil
8. 2004-02-2626. februar 2004   Drammen Sprint klassisk
9. 2004-03-055. mars 2004   Lahtis Sprint fristil
10. 2004-03-1212. mars 2004   Pragelato Sprint fristil
11. 2004-10-2323. oktober 2004   Düsseldorf Sprint fristil
12. 2004-11-2020. november 2004   Gällivare 10 km klassisk
13. 2004-12-044. desember 2004   Bern Sprint fristil
14. 2004-12-1111. desember 2004   Val di Fiemme 15 km duatlon
15. 2004-12-1414. desember 2004   Asiago Sprint klassisk
16. 2005-01-088. januar 2005   Otepää 10 km klassisk
17. 2005-01-1616. januar 2005   Nové Město Sprint fristil
18. 2005-03-1212. mars 2005   Holmenkollen 30 km klassisk
19. 2005-03-1616. mars 2005   Göteborg Sprint fristil
20. 2005-03-1919. mars 2005   Falun 15 km duatlon
21. 2005-10-2222. oktober 2005   Düsseldorf Sprint fristil
22. 2005-11-1919. november 2005   Beitostølen 10 km klassisk
23. 2005-11-2626. november 2005   Kuusamo 10 km klassisk
24. 2005-12-1010. desember 2005   Vernon 15 km duatlon
25. 2006-03-044. mars 2006   Mora 45 km klassisk
26. 2006-03-1515. mars 2006   Changchun Sprint fristil
27. 2006-10-2828. oktober 2006   Düsseldorf Sprint fristil
28. 2007-03-2424. mars 2007   Falun 15 km duatlon
29. 2007-11-2424. november 2007   Beitostølen 10 km fristil
30. 2007-12-022. desember 2007   Kuusamo 10 km klassisk
31. 2009-11-2121. november 2009   Beitostølen 10 km fristil
32. 2009-12-1919. desember 2009   Rogla Sprint klassisk
33. 2010-03-066. mars 2010   Lahtis 15 km duatlon
34. 2010-03-1111. mars 2010   Drammen Sprint klassisk
35. 2010-03-1313. mars 2010   Holmenkollen 30 km fristil
36. 2010-03-1414. mars 2010   Holmenkollen Sprint fristil
37. 2010-03-2121. mars 2010   Stockholm/Falun verdscupfinalen*
38. 2010-11-2020. november 2010   Gällivare 10 km fristil
39. 2010-11-2828. november 2010   Kuusamo «Mini-Tour»**
40. 2010-12-1111. desember 2010   Davos 10 km klassisk
41. 2010-12-1212. desember 2010   Davos Sprint fristil
42. 2010-12-1818. desember 2010   La Clusaz 15 km fri, fellesstart
43. 2011-01-2222. januar 2011   Otepää 10 km klassisk
44. 2011-02-1919. februar 2011   Drammen 10 km klassisk
45. 2011-03-1313. mars 2011   Lahtis Sprint klassisk
46. 2011-03-2020. mars 2011   Stockholm/Falun verdscupfinalen*
47. 2011-11-1919. november 2011   Sjusjøen 10 km fristil
48. 2011-11-2727. november 2011   Kuusamo «Mini-Tour»**
49. 2011-12-1010. desember 2011   Davos 15 km fristil
50. 2012-02-044. februar 2012   Rybinsk 10 km fristil
51. 2012-02-1111. februar 2012   Nové Město 15 km klassisk
52. 2012-03-044. mars 2012   Lahtis Sprint klassisk
53. 2012-03-077. mars 2012   Drammen Sprint klassisk
54. 2012-03-1111. mars 2012   Holmenkollen 30 km klassisk
55. 2012-03-1818. mars 2012   Stockholm/Falun verdscupfinalen*
56. 2012-11-2424. november 2012   Gällivare 10 km fristil
57. 2012-12-022. desember 2012   Kuusamo «Mini-Tour»**
58. 2013-01-1919. januar 2013   La Clusaz 10 km klassisk, fellesstart
59. 2013-03-2424. mars 2013   Stockholm/Falun verdscupfinalen*
60. 2013-12-011. desember 2013   Kuusamo «Mini-Tour»**
61. 2013-12-1414. desember 2013   Davos 15 km fristil
62. 2013-12-1515. desember 2013   Davos Sprint fristil
63. 2014-02-011. februar 2014   Toblach 10 km klassisk
64. 2014-02-022. februar 2014   Toblach Sprint fristil
65. 2014-03-022. mars 2014   Lahtis 10 km fristil
66. 2014-03-099. mars 2014   Holmenkollen 30 km klassisk
67. 2014-11-2929. november 2014   Kuusamo Sprint klassisk
68. 2014-12-077. desember 2014   Lillehammer «Mini-Tour»***
69. 2014-12-2020. desember 2014   Davos 10 km fristil
70. 2014-12-2121. desember 2014   Davos Sprint fristil
71. 2015-01-1111. januar 2015      Tour de Ski 2014/15 samanlagd
72. 2015-02-1414. februar 2015   Östersund Sprint klassisk
73. 2015-03-077. mars 2015   Lahtis Sprint fristil
74. 2015-03-088. mars 2015   Lahtis 10 km klassisk
75. 2015-03-1515. mars 2015   Holmenkollen 30 km fristil
76. 2016-11-2727. november 2016   Ruka 10 km klassisk
77. 2017-01-2121. januar 2017   Ulricehamn 10 km fristil
78. 2017-01-2929. januar 2017   Falun 15 km klassisk
79. 2017-02-1919. februar 2017   Otepää 10 km klassisk
80. 2017-03-1212. mars 2017   Holmenkollen 30 km klassisk
81. 2017-03-1919. mars 2017   Québec verdscupfinalen
82. 2017-12-1717. desember 2017   Toblach 10 km klassisk, jaktstart

* Verdscupfinalen i 2010 og 2011 bestod av klassisk sprint, 2,5 km klassisk prolog, 10 km duatlon og ein avsluttande 10 km fri med jaktstart. I 2012 og 2013 var prologen i fristil og duatlon bytta ut med 10 km klassisk.
** «Mini-Touren» i Kuusamo i 2010 og 2013 bestod av klassisk sprint, 5 km klassisk og ein avsluttande 10 km fri med jaktstart, i 2011 og 2012 var 5 km fri og 10 km klassisk.
*** «Mini-Touren» på Lillehammer i 2014 bestod av fri sprint, 5 km fri og ein avsluttande 10 km klassisk med jaktstart.

Verdscupsesongar

endre
Sesong/Resultat Samanlagt Distansecupen Sprintcupen
Plassering Poeng Plassering Poeng Plassering Poeng
2000/01 53. 55 48. 19
2001/02 32. 131 36. 44
2002/03 6. 508 1. 485
2003/04 2. 1139 11. 394 1. 745
2004/05 1. 1320 1. 740 1. 625
2005/06 1. 1036 4. 642 1. 394
2006/07 2. 941 4. 405 6. 216
2007/08 11. 690 6. 502 16. 188
2008/09 10. 708 9. 435 15. 147
2009/10 2. 1320 2. 636 2. 484
2010/11 2. 1578 2. 775 4. 403
2011/12 1. 2689 1. 1448 3. 521
2012/13 4. 1148 6. 492 7. 256
2013/14 2. 1498 2. 705 3. 433
2014/15 1. 2172 1. 962 1. 610
2015/16
2016/17 5. 1307 2. 854 15. 153
 
Marit Bjørgen i den gule leiartrøya i Otepää 7. januar 2006
 
Marit Bjørgen med Kerttu Niskanen og Justyna Kowalczyk etter Royal Palace Sprint i Stockholm 20. mars 2013.
Foto: Frankie Fouganthin
 
Marit Bjørgen og Heidi Weng under Ski Tour Canada 2017.
Foto: Simon Pierre Barrette

Etappesigrar i Tour de Ski

endre
Nr. Dato Stad Distanse
1. 2006-12-3131. desember 2006   München Sprint fristil
2. 2012-01-011. januar 2012   Oberstdorf 10 km skibytte, fellesstart
3. 2012-01-033. januar 2012   Toblach 3,3 km klassisk, individuell start
4. 2012-01-044. januar 2012   Toblach Sprint fristil
5. 2012-01-055. januar 2012   Toblach 15 km fri, jaktstart
6. 2013-12-2828. desember 2013   Oberhof 3 km fristil, prolog
7. 2015-01-033. januar 2015   Oberstdorf 3 km fristil, prolog
8. 2015-01-044. januar 2015   Oberstdorf 10 km klassisk, jaktstart
9. 2015-01-066. januar 2015   Val Mustair Sprint fristil
10. 2015-01-077. januar 2015   Toblach 5 km klassisk, individuell start
11. 2015-01-088. januar 2015   Toblach 15 km fristil, jaktstart

Andre etappesigrar i verdscupen individuelt

endre
Nr. Dato Stad Distanse
1. 2010-03-2020. mars 2010   Falun 10 km duatlon
2. 2010-11-2626. november 2010   Kuusamo Sprint klassisk
3. 2010-11-2727. november 2010   Kuusamo 5 km klassisk
4. 2011-03-1818. mars 2011   Falun 2,5 km klassisk
5. 2011-03-1919. mars 2011   Falun 10 km duatlon
6. 2011-11-2525. november 2011   Kuusamo Sprint klassisk
7. 2011-11-2626. november 2011   Kuusamo 5 km fristil
8. 2012-03-1414. mars 2012   Stockholm Sprint klassisk
9. 2011-03-1616. mars 2011   Falun 2,5 km fristil
10. 2012-11-3030. november 2012   Kuusamo Sprint klassisk
11. 2012-12-011. desember 2012   Kuusamo 5 km fristil
12. 2012-12-022. desember 2012   Kuusamo 10 km klassisk, jaktstart
13. 2013-03-2222. mars 2013   Falun 2,5 km fristil
14. 2013-03-2323. mars 2013   Falun 10 km klassisk, fellesstart
15. 2014-03-1414. mars 2014   Falun Sprint klassisk
16. 2014-12-055. desember 2014   Lillehammer Sprint fristil
17. 2017-03-1818. mars 2017   Quebec 10 km klassisk, fellesstart
18. 2017-03-1919. mars 2017   Quebec 10 km fristil, jaktstart
19. 2017-11-2525. november 2017   Ruka 10 km klassisk, intervallstart

Verdscupsigrar i stafett

endre
Nr. Dato Stad Distanse
1. 2003-10-2626. oktober 2003   Düsseldorf Sprintstafett, fristil
2. 2003-11-2323. november 2003   Beitostølen 4 x 5 km stafett
3. 2003-12-077. desember 2003   Toblach Sprintstafett, fristil
4. 2003-12-1414. desember 2003   Davos 4 x 5 km stafett
5. 2004-01-1111. januar 2004   Otepää 4 x 5 km stafett
6. 2004-02-1515. februar 2004   Oberstdorf Sprintstafett, fristil
7. 2004-02-2222. februar 2004   Umeå 4 x 5 km stafett
8. 2004-10-2424. oktober 2004   Düsseldorf Sprintstafett, fristil
9. 2004-11-2121. november 2004   Gällivare 4 x 5 km stafett
10. 2004-12-055. desember 2004   Bern Sprintstafett, fristil
11. 2005-10-2323. oktober 2005   Düsseldorf Sprintstafett, fristil
12. 2005-11-2020. november 2005   Beitostølen 4 x 5 km stafett
13. 2006-10-2929. oktober 2006   Düsseldorf Sprintstafett, fristil
14. 2006-11-1919. november 2006   Gällivare 4 x 5 km stafett
15. 2007-11-2525. november 2007   Beitostølen 4 x 5 km stafett
16. 2008-02-1717. februar 2008   Liberec Sprintstafett, klassisk
17. 2008-02-2424. februar 2008   Falun 4 x 5 km stafett
18. 2008-11-2323. november 2008   Gällivare 4 x 5 km stafett
19. 2010-03-077. mars 2010   Lahtis 4 x 5 km stafett
20. 2010-11-2121. november 2010   Gällivare 4 x 5 km stafett
21. 2010-12-1919. desember 2010   La Clusaz 4 x 5 km stafett
22. 2011-01-1616. januar 2011   Liberec Sprintstafett, klassisk
23. 2011-11-2020. november 2011   Sjusjøen 4 x 5 km stafett
24. 2012-02-1212. februar 2012   Nové Město 4 x 5 km stafett
25. 2012-11-2525. november 2012   Gällivare 4 x 5 km stafett
26. 2013-01-2020. januar 2013   La Clusaz 4 x 5 km stafett
27. 2013-12-088. desember 2013   Lillehammer 4 x 5 km stafett
28. 2016-12-1818. desember 2016   La Clusaz 4 x 5 km stafett
29. 2017-01-2222. januar 2017   Ulricehamn 4 x 5 km stafett

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

endre

Merknadar

endre
  1. Dei elleve første gongene: I 1924 (2): I kombinert med Thorleif Haug, Johan Grøttumsbråten og Thoralf Strømstad og dei same tre på 50 km, men med Strømstad på andre og Grøttumsbråten på tredje; I 1928 (2): I kombinert med Grøttumsbråten, Hans Vinjarengen og John Snersrud og på 18 km med Grøttumsbråten, Ole Hegge og Reidar Ødegaard; I 1932 (2) i kombinert med Grøttumsbråten, Ole Stenen og Vinjarengen og i spesielt hopprenn med Birger Ruud, Hans Beck og Kåre Walberg; I 1936 i kombinert med Oddbjørn Hagen, Olaf Hoffsbakken og Sverre Brodahl; I 1948 i spesielt hopprenn med Petter Hugsted, Birger Ruud og Thorleif Schjelderup; i 1964 på 5000 m skøyter med Knut Johannesen, Per Ivar Moe og Fred Anton Maier; I 1992 på 30 km med Vegard Ulvang, Bjørn Dæhliee og Terje Langli; I 1994 i alpin kombinasjon med Lasse Kjus, Kjetil André Aamodt og Harald Christian Strand Nilsen.

Kjelder

endre
  1. «Marit Bjørgen ble tidenes vinterolympier med et suverent gull på OL-tremila» (på norsk). 25. februar 2018. Henta 25. februar 2018. 
  2. 2,0 2,1 «–Jeg er stolt av meg selv». Aftenposten. 26. februar 2010. 
  3. «Bjørgen ble mamma igjen». ABC Nyheter. 25. mars 2019. Henta 2. desember 2019. 
  4. 4,0 4,1 Adresseavisen 25. februar 2010
  5. 5,0 5,1 Adresseavisen, 22. januar 2011
  6. Resultatliste fra Rensfjellrennet 1999[daud lenkje]
  7. Norsk skigull i sommervarmen. vg.no (31. august 2000)
  8. VG 27. februar 2010
  9. «Støtter Bjørgens treningsopplegg». Dagsavisen. 14. mars 2008. Arkivert frå originalen 8. mai 2021. Henta 28. januar 2018. 
  10. Samdal får skylda for Bjørgen-svikt. dagbladet.no (2. februar 2008)
  11. Bjørgen og Skofterud skværet opp nettavisen.no (1. februar 2008)
  12. «Jeg trente feil i tre år». Aftenposten. 15. november 2012. Henta 16. november 2012. (død lenke)
  13. «Slik har Bjørgen reist seg». aftenposten.no. 20. desember 2009. Henta 20. desember 2009. 
  14. «Idrettshelter i festhumør». Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité. 17. april 2010. Arkivert frå originalen 12. april 2010. Henta 18. april 2010. 
  15. Søknadsformular i norsk versjon fra Antidoping Norge[daud lenkje], besøkt 28. februar 2010
  16. NRK: «Kowalczyk gjentar Bjørgen-kritikk» besøkt 27. februar 2010/
  17. Dagbladet:«Hvis Norge ikke har noe å skjule, burde de ikke bry seg», besøkt 27. februar 2010
  18. Dagbladet: «Alt startet da Marit sa jeg ikke fortjente medaljen», besøkt 27. februar 2010
  19. «Astma hos idrettsutøvere» Arkivert 2016-08-11 ved Wayback Machine., informasjonsartikkel frå Norsk helseinformatikk i samarbeid med Antidoping Norge, henta 28. februar 2010
  20. «Bjørgen fikk Holmenkollmedaljen». NRK. 13. mars 2010. 
  21. «Bjørgen kopierer gullresepten». Aftenposten. 15. juni 2010. Henta 22. juni 2010. 
  22. Du må vinne eitt til for å slå henne, Marit – NRK-artikkel om Marit Bjørgens og Bente Skaris verdscupseire
  23. (no) «Ladies' Pursuit 7.5 km Classic + 7.5 km Free Results» (PDF). FIS. 26. februar 2011. Arkivert frå originalen (PDF) 1. mars 2011. Henta 26. februar 2011. 
  24. «Bjørgen årets kvinnelige idrettsutøver». TV2. 28. desember 2011. 
  25. «Bjørgen melder sykdomsforfall - drar hjem». NRK. 16. desember 2011. 
  26. «Knuste Kowalczyk og tok tilbake ledertrøyen». Aftenposten. 11. februar 2012. Arkivert frå originalen 18. mars 2012. Henta 17. mars 2012. 
  27. «Kowalczyk overlegen på hjemmebane». Aftenposten. 18. februar 2012. Arkivert frå originalen 3. april 2012. Henta 17. mars 2012. 
  28. «Bjørgen mister Tour de Ski». NRK. 23. desember 2012. 
  29. Oddsen for norsk pallplass på damestafetten: 1,01, VG, 28. februar 2013
  30. Feide inn til gull - slet med stavingen, VG, 28. februar 2013
  31. Intervju med Bjørgen på TV2 under OL
  32. Bjørgen vann – nå skiller det berre tre poeng opp til Johaug. NRK (14. mars 2014)
  33. – Jeg må tenke minst mulig, ellers blir jeg tullete. NRK (16. mars 2014)
  34. Bjoergen and Sundby win BMW xDrive Trophy Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine. FIS (16. mars 2014)
  35. Bjørgen historisk med sitt 17. NM-gull. VG (29. mars 2014)
  36. Marit Bjørgen mottok "Fair Play Mecenate” for 2014[daud lenkje]. www.idrett.no (22. juli 2014)
  37. Bjørgen for suveren - spenningen er duellen om 2.-plassen. vg.no (8. januar 2015)
  38. Bjørgen har vunnet verdenscupen allerede], abcnyheter.no, 15. februar 2015, arkivert frå originalen 20150219164823 
  39. Dei fire første var i 2005, 2010, 2012 og 2014.
  40. Bjørgen fortsetter langrennskarrieren: – Jeg er 100 prosent klar, VG Nett
  41. Mørtvedt, P; Skjerdingstad, A (23. juni 2015). «Marit Bjørgen er gravid». NRK. Henta 23. juni 2015. 
  42. «Bjørgen er blitt mamma». VG. 26. desember 2015. Henta 26. desember 2015. 
  43. «FIS endrer tellingen - nå har Bjørgen over 100 verdensupseirer!». NRK (på norsk bokmål). Henta 22. mars 2017. 
  44. Langrenn.com - Slik gikk det i Marit Bjørgens comeback, besøkt 27. november 2016.
  45. TV2 - Marit Bjørgen må droppe Skarverennet, besøkt 27. november 2016.
  46. Langrenn.com - Marit Bjørgen vann verdscupen i Kuusamo, besøkt 27. november 2016.
  47. «Bjørgen dropper Tour de Ski – satser alt på Lahti-VM». VG (på norsk bokmål). Henta 1. mars 2017. 
  48. «Bjørgen brast i gråt før gulløpet etter «Snap» av sønnen». VG (på norsk). Henta 1. mars 2017. 
  49. Sæther, (NTB) NTB-Egil (28. februar 2017). «Bjørgen føler at det nærmer seg slutten». rbnett.no (på norsk bokmål). Henta 1. mars 2017. 
  50. «Utklassing av Marit Bjørgen». www.tronderbladet.no (på norsk bokmål). 1. april 2017. Henta 6. april 2017. 
  51. «Norsk fiaskoprolog i Kuusamo - Våre store stjerner slått rett ut». www.langrenn.com (på norsk bokmål). Henta 26. januar 2018. 
  52. «Marit Bjørgen vant jaktstarten i Toblach - Femdobbelt norsk». www.langrenn.com (på norsk bokmål). Henta 26. januar 2018. 
  53. AS, TV 2. «Kjempeetappe av Haga reddet Norge - Bjørgen parkerte Nilsson». TV 2 (på norsk). Henta 21. februar 2018. 
  54. «Marit Bjørgen utklasset rivalene fullstendig: Nå er hun tidenes største». Aftenposten (på norsk bokmål). Henta 26. februar 2018. 
  55. «Slik «lurte» Bjørgen alle på tremila - og vant» (på norsk bokmål). Henta 11. mars 2018. 
  56. Anders Skjerdingstad; Yasmin Sunde Hoel (6. april 2018). «Gråtkvalt Bjørgen bekrefter at hun legger opp: – Det er emosjonelt nå». NRK.no. 

Bakgrunnsstoff

endre
Litteratur