Opna hovudmenyen

Maud Angelica Behn (fødd 29. april 2003) er dotter av Ari Behn og prinsesse Märtha Louise av Noreg.

Maud Angelica Behn
Fødd 29. april 2003
Oslo
Yrke aristokrat

Behn vart døypt den 2. juli 2003 i Slottskapellet, på dagen 100 år etter at oldefar hennar kong Olav V vart fødd. Ho vart boren til dåpen av morfar sin, kong Harald. Dei andre fadderane var kronprins Haakon, prinsesse Alexandra zu Sayn-Wittgenstein-Berleburg, mora si kusine Marianne Ulrichsen, Kåre Conradi, tanta Anja Sabrina Bjørshol og Trond Giske.

Maud Angelica Behn budde det fyrste leveåret sitt i Lommedalen i Bærum. Hausten 2004 flytta familien til New York i Sambandsstatane. Familien flytta tilbake til Noreg i 2005. Maud Angelica har to yngre systrer, Leah Isadora (f. 2005) og Emma Tallulah (f. 2008).

ArverettEndra

Maud Angelica Behn har arverett til den norske trona, og kjem etter mor si i arverekkjefylgja, som nummer fire til trona. Slik som mora stammar Maud Angelica direkte ned frå dronning Victoria av Storbritannia. Ho står difor på lista over engelske tronfylgjarar.

Sjå ògEndra