Målrørsla
Målrørsla er i Noreg den rørsla som arbeider for å reise det nynorske skriftmålet til full vørdnad og fulle rettar, i hovudsak organisasjonane Noregs Mållag og Norsk Målungdom. Også i andre land er det og har det vore målrørsler som strir for reising av underkua nasjonal- og folkemål. Sjå òg art. Målreising.
Den norske målrørsla har i lag med rørsler som fråhaldsrørsla, lekmannsrørsla og folkehøgskulerørsla, vore ein del av den norske motkulturrørsla.