Troms og Finnmark mållag

(Omdirigert frå Troms og Finnmark Mållag)

Troms og Finnmark mållag er fylkeslaget for Noregs Mållag for Troms og Finnmark.

I 2022 hadde laget 254 medlemmar.

Historie endre

1860-1915 endre

Organisert målarbeid i Troms og Finnmark går tilbake til før Noregs Mållag blei skipa i 1906.

Dei første målfolka finn vi ved Tromsø Seminarium alt i 1860-åra. Elias Blix hadde gått ut her i 1855, men møtte ikkje landsmålet før han kom til Kristiania. Det same gjaldt John Klæbo som gjekk ut i 1861. I 1860-62 var Karl Akre elev her. I 1872-74 var Ananias Brune seminarist, og saman gav desse to ut bladet Finnmarkingen i Vadsø i 1875, på landsmål og finnmarksmål. Olaus J. Myrnes (1870-72), Jens Riksheim (1871-73), Peter Karl Eberg Pedersen (1872-74) og Leonhard Næss (1872-74) var også ivrige målfolk mens dei gjekk på Tromsø Seminarium. 17. april 1898 blei mållaget Heimhug skipa ved lærarskolen i Tromsø.

Det første forsøket på å skipe eit regionalt mållag, blei gjort i 1899. 16. juli 1899 blei Nordmannalaget skipa i Tromsø. Det skulle vere eit landsdelslag for Nord-Noreg på line med Austmannalaget og Vestmannalaget. Til leiar blei T. Eidem, Tromsø, valt. Men Nordmannalaget fekk kort levetid.

1915-1921 endre

«Trums Fylkesmaallag» blei skipa på eit ungdomsstemna som Troms ungdomsfylking heldt på Finnsnes 12. juli 1915. Til styre blei vald lærar Ingvald M. Rødvik, Lenvik, formann, bladstyrar Rasmus Larsen Eide, Harstad, fylkeskolelærar Inggjald Leigland, Lyngseidet, Mikal Jakobsen, Årstein i Gratangen, og lærar Peder Johan Hartviksen, Skånland. 29 medlemmar teikna seg straks.

31. juli 1915 heldt fylkesmållaget det første ordinære årsmøtet sitt på Harstad. Fylkesskolelærar Inggjald Leigland frå Lyngseidet blei vald til formann. Med seg i styret fekk han sanitetsmajor Ingjald Reichborn-Kjennerud, som heldt til på Harstad i åra 1911-1918, og sorenskrivar Harald Thomas, som var på Ibestad frå 1915 til 1930. I styret sat i tillegg også Tøger Hagemann, Tromsø, som var skoledirektør i Troms frå 1915 til 1930, og Hans Nicolai Osnes, som var skoleinspektør i Tromsø frå 1914 til 1918.

Det neste ordinære årsmøte med stemna blei halde i Bardu 29. og 30. juli 1916. Styret blei i stor monn attvalt: Fylkesskolelærar Inggjald Leigland, Lyngseidet, blei attvalt til formann. Skoledirektør Tøger Hagemann, Tromsø, blei vald til varaformann. Til styremedlemmar blei vald skoleinspektør Hans Nicolai Osnes, Tromsø, bladstyrar Rasmus Larsen Eide, Harstad, og sorenskrivar Harald Thomas, Ibestad.

Dei fem første åra blei det halde fleire stemne: eitt stemne i Bardu, to på Finnsnes, eitt i Kvæfjord, eitt på Trondenes, eitt i Sørvika, to i Tromsø og eitt stemne i Øverbygd. På stemna møtte det jamleg 2-300 menneske. Det var alltid gudsteneste på landsmål og eit eller fleire foredrag om målsaka. Dei første fem åra blei det halde rundt 75 foredrag med 9-10.000 tilhøyrarar.

Dei første åra blei det skipa fleire mållag: Finnsnes mållag (1914), mållaget Heimferd, Sørreisa (1914), Måltrasten, Fauskevåg (1917), mållaget Trollvasstind, Svensby (1917), Kvedfjord maallag (1917), mållaget Ruten, Øverbygd (1920). Kvedfjord og Heimferd sovna straks inn. I tillegg meldte fleire ungdomslag seg inn i fylkesmållaget i åra 1915-20: ungdomslaget Fram, Grøtavær, ungdomslaget Soleia, Buvikvoll, Bondeungdomslaget i Tromsø, elevlaget Solhov, Lyngseidet.

Skolestyrar Inggjald Leigland, Lyngseidet, var formann i 1920, og med seg i styret dette året hadde han skoledirektør Tøger Hagemann, Tromsø, overlærar Vilhjelm Riksheim, Tromsø, lærar Oluf Nymoen, Fauskevåg, og fylkesskolelærar Ove Normann, Ibestad.

Det blei ikkje kalla inn til årsmøte i fylkesmållaget i 1921, og i praksis blei laget dermed lagt ned. I staden blei Hålogalands målkontor skipa 12. september 1922 skipa, og det var i drift fram til 1940.

1932-1940 endre

I samband med årsmøtet i Troms ungdomsfylking på Bjarkøya 9.juli 1932 blei arbeidet i Troms fylkesmållag tatt opp att, og nytt styre blei valt. Til formann blei vald Sigurd Fauskevåg, Sandtorg. I 1933 tok Norvald Dyrvik over som formann, og deretter var Edvard Ruud, Elgsnes, formann frå 1936. I praksis slutta fylkesmållaget å fungere i 1940.

1947-i dag endre

Troms fylkesmållag blei oppattskipa på eit møte i Tromsø i 1947, og laget har sidan vore i jamnt arbeid.

I samband med at det blei skipa mållag i Finnmark, og desse blei ein del av fylkesmållaget, endra laget i 1992-93 namnet sitt til Troms og Finnmark mållag.

Leiarar endre

Formenn i Trums fylkesmaallag 1915-1921 endre

  1. 1915: Ingvald M. Rødvik, Lenvik
  2. 1915-1921: Inggjald Leigland, Lyngseidet

Formenn i Troms fylkesmållag 1932-1940 endre

  1. 1932-1933: Sigurd Fauskevåg, Sandtorg
  2. 1933-1936: Norvald Dyrvik, Evenskjer
  3. 1936-1940: Edvard Ruud, Elgsnes

Leiarar i Troms fylkesmållag frå 1947 til 1992 endre

  1. 1947-1953: Olav Løkse, Finnfjordbotn[1][2]
  2. 1954-1963: Jens Heim, Balsfjord/Tromsø[3][4]
  3. 1964-1970: Olav Løkse, Finnfjordbotn[5][6]
  4. 1971-1972: Johan Nymo, Målselv[7]
  5. 1973-1974: Herolv Olsen, Tromsø[8][9]
  6. 1975-1976: Kjellaug Jetne, Tromsø[10][11]
  7. 1977-1980: Ørjan B. Dahl, Tromsø (Målselv)[12][13][14]
  8. 1981-1983: Kurt Reinhardt, Målselv[15]
  9. 1984-1986: Herolv Olsen, Tromsø[16][17]
  10. 1987-1988: Liv Ingebrigtsen, Tromsø[18]
  11. 1989-1991: Bjørnar Østgård, Tromsø[19]

Leiarar i Troms og Finnmark mållag frå 1992 til i dag endre

  1. 1992-1994: Aud-Kirsti Pedersen, Tromsø[20][21]
  2. 1994-1998: Steinar Aas, Tromsø[22][23][24]
  3. 1998-1999: Trond Trosterud, Tromsø[25]
  4. 1999-2004: Bjørnar Østgård, Tromsø
  5. 2004-2006: Trond Trosterud, Tromsø
  6. 2006-2008: Olaug Husabø, Tromsø
  7. 2008-2010: Sigrun Høgetveit Berg, Tromsø[26]
  8. 2010-2011: Inger Johanne Sæterbakk, Tromsø
  9. 2011-2013: Øystein Vangsnes, Tromsø
  10. 2013-2015: styret i Tromsø mållag
  11. 2015-2017: Sæmund Stokstad, Tromsø
  12. 2017-2023: Magne Leon Heide, Harstad[27]

Medlemslag og lokale mållag endre

Lokale mållag i Troms og Finnmark før 1945[28] endre

Andre lokale mållag i Troms og Finnmark etter 1945 endre

Elev- og studentmållag: endre

Kjelder endre

  • Lockertsen, Roger 1984: Målreising i Nord-Noreg 1898-1940 : organisering av målstriden og striden for skolemålet. (289 s.). Hovudoppgåve - Universitetet i Tromsø.
  • Trums fylkesmaallag. Femaarsmelding 1915-1920. 62 sider.
  • Språk i nord (blogg drive av Troms og Finnmark mållag)
  • Aviser, blad og tidsskrift på nb.no.

Referansar endre

  1. Olav Løkse blei vald til formann på Måltinget 31.10.1947 og attvald på årsmøta 14.4.1949, 24.6.1951 og 29.6.1952.
  2. Tromsø, lørdag 1. november 1947: "Troms mållag"
  3. Jens Heim blei vald til formann på årsmøte 13.6.1954 og attvald på årsmøta 2.7.1955, 30.6.1956, 29.6.1957 og 5.7.1958.
  4. Nordlys, onsdag 6. juli 1955, side 3: «Jens Heim attvald som form. i Fylkesmållaget»
  5. Olav Løkse blei vald til formann på årsmøte 12.9.1964 og attvald på årsmøta hausten 1966, 4.2.1968 og 4.5.1969
  6. Fremover, torsdag 17. september 1964, side 3: "Troms fylkesmållag reorganisert. Rektor Olav Løkse, Finnfjordbotn, ble valgt til ny formann i Troms Fylkesmållag under et møte i Tromsø laurdag. (…)"
  7. Johan Nymo blei vald til formann på årsmøte 26.6.1971.
  8. Herolv Olsen blei vald til formann på årsmøte 17.6.1973 og attvald på årsmøte 3.6.1974.
  9. Nordlys, onsdag 20. juni 1973: "Formannsskifte i Troms Fylkesmållag"
  10. Kjellaug Jetne blei vald til formann på årsmøte 9.3.1975 og attvald på årsmøte 4.4.1976.
  11. Nordlys, lørdag 22. mars 1975, side 3: "Interessa for målarbeid aukar. (…) Forkvinne: Kjellaug Jetne, (…)"
  12. Ørjan B. Dahl blei vald til formann på årsmøte 17.4.1977 og attvald på årsmøta 18.6.1978, 1979 og 7.6.1980.
  13. Nye Troms, lørdag 17. juni 1978: "Troms fylkesmållag: 10% medlemsauke
  14. Tromsø, fredag 13. juni 1980: "Årsmøtet i Troms fylkesmållag"
  15. Troms Fylkesmållag: Årsmelding 1983
  16. Nordlys, torsdag 27. september 1984, side 11: "(Herolv Olsen) er for tida formann i Troms Fylkesmållag." [1]
  17. Troms Mållag: Årsmelding 1984
  18. Norsk tidend: medlemsblad for Noregs mållag. 1987 nr 2, 30. april, side 20: "Jenter tek over: (…) I Troms har Liv Ingebrigtsen teke over som leiar etter Herolv Olsen." [2]
  19. Nordlys, fredag 7. april 1989, side 5: "Årsmøtet i Troms og Finnmark Fylkesmållag valgte Bjørnar Østgård, Tromsø. til ny leiar. Leiaren Liv Ingebrigtsen hadde fråsagt seg attval." [3]
  20. Norsk tidend: medlemsblad for Noregs mållag. juli 1992: "Aud Kirsti Pedersen ny leiar i Troms og Finnmark" [4]
  21. Referat frå årsmøtet 27.3.1993
  22. Tromsø, torsdag 24. mars 1994: "Ny mållags-leder"
  23. Årsmelding for Troms og Finnmark mållag 1993 [Styre for 1994]
  24. Årsmelding for Troms og Finnmark mållag 1994-95
  25. Nordlys, onsdag 10. juni 1998: "Årsmøte i Troms og Finnmark Mållag"
  26. Norsk tidend: medlemsblad for Noregs mållag. 2008 Nr. 3: "Ny leiar i aust og nord" [5]
  27. i Tromsø, 6. mai 2019: "Stor medlemsvekst i mållaget i Troms og Finnmark" [6]
  28. Lockertsen 1982, side 250-252 nb.no
  29. Den 17de Mai 13. april 1898: "Fraa Vardøy" nb.no
  30. Mållaget Heimhug 1898-1923. Festskrift nb.no
  31. Den 17de Mai 25. juli 1899: "Nordmannalaget" nb.no
  32. Den 17de Mai 15. desember 1899: "Maallag i Trumsøy"
  33. Tromsø, tirsdag 19. desember 1899: "Et Maallag"
  34. «Arkiv for norsk målreising, Peder Hovdan-arkivet», Nynorsk.no, henta 6. oktober 2023 
  35. «Nytt maallag i Ibestad». Lauvsprett. 8. mai 1908. 
  36. Senjens Blad, lørdag 6. mars 1909"
  37. 37,0 37,1 37,2 37,3 37,4 37,5 «Arkiv for norsk målreising, Peder Hovdan-arkivet», Nynorsk.no, henta 30. juli 2023 
  38. 38,0 38,1 Troms Folkeblad 20. november 1979: "Nytt mållag i Salangen" nb.no; "Årsmelding 1933, Salangen mållag": laget skipa 1933, leiar Olav Løkse, Øvre Salangen (i NM-arkivet)
  39. Senjens Blad, lørdag 31. juli 1909
  40. Senjens Blad, lørdag 26. juni 1915
  41. Arkiv for norsk målreising, Peder Hovdan-arkivet: Sørreisa
  42. 42,0 42,1 42,2 42,3 42,4 42,5 42,6 42,7 "Eit utdrag av femaarsmeldinga til Troms fylkesmållag 1915-1920", Mål og Makt nr 3, 1976, side, 19 [7]
  43. 17de mai, fredag 11. mai 1917
  44. Senjens Blad, lørdag 21. juni 1919
  45. Emil Larsen: Lyngen bygdebok. 1 : Lyngen prestegjelds historie. Tromsø 1976, side 365 [8]
  46. Formann 1918: Lærar A.B.Botholfsen; Svensby, ifl. "Aarsmelding for maallaget Trollvasstind 1918" (Kjelde: NM-arkivet)
  47. Arkiv for norsk målreising, Peder Hovdan-arkivet: (Sørfjorden) / Ullsfjord [9]
  48. Den 17de Mai 12. februar 1919: "Eit lite mønstermaallag" nb.no
  49. Den 17de Mai 25. april 1917: "Maalvoksteren" nb.no
  50. Arkiv for norsk målreising, Peder Hovdan-arkivet: Kvæfjord
  51. Aarsmelding 1933 (i NM-arkivet), leiar: Bendiks Heide
  52. Arkiv for norsk målreising, Peder Hovdan-arkivet: Tromsøysund
  53. Brev 23.5.1936 frå Aksel Strand, Tulleng til Noregs Mållag:" Den 14 d.m. blei det her i Sommarøy skipa eit mållag med namnet Hillesøy mållag. Laget er på 24 lagsmenner. Som formann blei underskrivne vald" (Kjelde: NM-arkivet)
  54. Harstad Tidende 6. mars 1936
  55. Troms Folkeblad, tirsdag 19. august 1980
  56. Årsmelding for 1959, i NM-arkivet
  57. Nordlys 17. februar 1959
  58. Troms Folkeblad, 10. februar 1977: "Lenvik mållag har møte" nb.no
  59. Troms Folkeblad 26. mars 1993: «Kulturtilskiping på Finnsnes hotell», nb.no
  60. Brev 19.11.96 frå Lenvik mållag v/Dagfinn Stenrud til Noregs Mållag, NM-arkivet
  61. 61,0 61,1 61,2 Noregs Mållag: Årsmelding 2001-2002, side 62 nm.no Arkivert 2019-10-18 ved Wayback Machine.
  62. Norsk Tidend 14.8.1947: «Det har meldt seg kring 40 interesserte»
  63. Årsmelding 1957 og 1958, NM-arkivet
  64. Nordlys 21.9.1961: «Bardu mållag hedrer Reinert Vikland»
  65. Tromsø 28. november 1963: «Julehefte for Bardu og Målselv», nb.no
  66. [10] Nye Troms 19.11.1998, reportasje om Jul i Bardu- og Målselvdalen utgitt av Bardu mållag og Målselv mållag]
  67. Bladet Midnattsol 26. februar 1953: «BUL Tromsø med i Noregs Mållag», kollektiv innmelding i Troms fylkesmållag på årsmøte 31.1.1953
  68. Finnmark Dagblad 14.6.1977: «Hammerfest mållag skipa»
  69. Nordlys 18.9.1979
  70. Nye Troms, 20. september 1979
  71. Nordlys 16.11.1995: Nordreisa mållag støttar det kvenske miljøet
  72. Skriv 9.1.1985 til Noregs Mållag
  73. Altaposten 11.desember 1979: «Mållag danna i Alta», nb.no
  74. Grepstad, Jon. (13. mars 2012). Mållaget Heimhug. I Allkunne.
  75. Bladet Midnattsol, 26. april 1951
  76. Tromsø 1. juli 1952: "Årsmøte i Troms Fylkesmållag" nb.no
  77. Sjå Målfront, organ for Norsk Målungdom, nr 4-1975, side 4: "Mens Tromsø Målungdom (tidl. Tromsø Student- og Elevmållag) berre har rukke å bli 3 år.". [11]
  78. Sjå innlegg i avisa Tromsø, tysdag 25. mars 1975
  79. Siste avisoppslag er i Dag og Tid 16.04.1998: "Brysame lag som Studentmållaget i Bergen, Hallingdal Målungdom, Tromsø Målungdom og Studentmållaget i Tromsø fekk alle merke der lite velkomne dei var med sine meiningar." [12]
  80. I oktober 1990 bed Studentmållaget inn til Skolemålskonferanse, sjå avisa Tromsø, tysdag 16. oktober 1990
  81. Siste avisinnlegg frå Studentmållaget i Tromsø, "Nynorsk på Høgskulen" er i avisa Tromsø, fredag 14. april 2000
  82. Brønnøysundregistra. Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret . Lese den 31. mars 2019.
  83. Lofotposten, tirsdag 9. april 1974: "Målungdom i Harstad har organisert seg"
  84. Harstad Tidende, fredag 25. oktober 1985: "Kva er Harstad Målungdom?"
  85. Nye Troms, laurdag 14. februar 1976 : "No har ein del ungdomar skipa til Målselv Målungdom"
  86. Nye Troms, laurdag 7. januar 1984: Reidun L. Traasdahl er leiar
  87. Nye Troms, laurdag 8. april 1976 : "Dessutan er desse ungdomsmållaga knytte til TF: (…) Lenvik Målungdom"
  88. NMU-nytt (Norsk målungdom). 1977 Nr. 5. side 8: "I haust har det vorte starta 7 nye lag i NMU: (...) i Finnfjordbotn i Troms (...)"
  89. Målfront : organ for Norsk målungdom. 1979. årgang 8, nr. 8, side 3: "Målungdommen på Finnfjordbotn vidaregåande skole"
  90. Troms Folkeblad, torsdag 9. april 1981: "Meir dialekt i radio og fjernsyn"
  91. Nye Troms, tysdag 28. juni 1977 : "Skipingsmøte av Nordnorsk Målungdom i Vågan 7. og 8. mai 1977"
  92. Altaposten, mandag 24. februar 1992: "Kulturkveld for språkfolk"
  93. Mål og Makt nr 3-1992, "Språk på Nordkalotten" har med dei fire innleiinga som blei halde på eit seminar som Nordnorsk Målungdom skipa i Alta 22.-23. februar 1992. [13]