Målselv kyrkje
Målselv kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 1978 i Målselv kommune i Troms . Kyrkja er bygd i betong og tegl og har 360 sitjeplassar. Arkitekt var Harry Gangvik.
Målselv kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Målselv | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
Prosti | Indre Troms | ||
Sokn | Målselv | ||
Fellesråd | Målselv | ||
Arkitekt | Harry Gangvik | ||
Teknikk | Betong og mur | ||
Material | Betong og teglstein | ||
Klokker | 3, Olsen Nauen (1978) | ||
Orgel | Starup (1978) | ||
Sitjeplassar | 360 | ||
Målselv kyrkje 69°10′35″N 18°34′26″E / 69.1764°N 18.5738°E | |||
Wikimedia Commons: Målselv kirke |
Målselv kyrkje ligg på Storbakken og er den tredje kyrkja på omtrent same plassen. Den første kyrkja vart bygd i 1829, etter at kolonistane i Målselvdalen hadde fått lov til å reise ei kyrkje ved kongeleg resolusjon av 11. januar 1820. Dette var ei åttekanta kyrkje som stod litt nord for dagens kyrkje. Denne kyrkja vart i 1883 erstattea med ei stor, kvitmåla kyrkje som stod om lag der dagens kyrkje står. Denne kyrkja hadde heile 800 sitjeplassar, men brann ned etter eit lynnedslag 29. juni 1972.
Seks år seinare, i 1978, vart dagens kyrkje vigsla av biskop Kristen Kyrre Bremer. Kyrkja fekk ny altartavle i 1996. Tavla er laga av Ulf Dreyer, som òg har laga glasmåleria i kyrkja.
-
Mot fondveggen
-
Koret
-
Altartavla
-
Kunstlærstolar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Målselv kyrkje» frå Wikipedia på bokmål, den 1. september 2019.
- Alf Henry Rasmussen (1993). «Målselv kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 123. ISBN 82-75-27022-7.
Bakgrunnsstoff
endre- «Målselv kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard
- Målselv kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Ronny Trælvik og Lill-Karin Nyland, Kirkene i Troms, bind I. Bok i Nord, 2015. s. 232–239
- Målselv og Øverbygd kyrkjelydar Arkivert 2019-09-01 ved Wayback Machine.