Opna hovudmenyen

MånadstyparEndra

Borgarleg månad eller kalendermånadEndra

Observasjonsbasert astronomisk månadEndra

I samaritansk religion, karaisme og islam blir kvar månad primært rekna frå første dag av observert nymåne.

Justert astronomisk månadEndra

I vanleg (rabbanittisk) jødedom følgjer månadene månefasen, men med mindre justeringar for å unngå uheldige kombinasjonar av sjabbát og heilagdagar. Månadslengda er 29 eller 30 dagar. Kalenderen er utrekna på grunnlag av astronomiske data.

Standardisert solår-basert lunær månadEndra

I dei julianske og gregorianske kalendrane er månadene ikkje direkte grunna på månefasar, men på ei fast inndeling av solåret i tolv om lag jamlange månader som kvar varar i 28 til 31 dagar.

Ikkje-lunære månadssystemEndra

Bahaikalenderen deler året inn i 19 månader som kvar inneheld 19 dagar, med fire til fem skotdagar på slutten av kvart år.

Astronomiske definisjonarEndra

Anomalistisk månadEndra

Tida mellom to påfølgjande passasjar av månen gjennom perigeum til månen, som er det punktet då månen er nærast jorda. Denne lengda er 27 dagar, 13 timar, 18 minutt og 33 sekund.

Drakonisk månadEndra

Syner til passasje gjennom den oppstigande knuten til månebanen. Denne tida er 27 dagar, 5 timar, 5 minutt og 36 sekund.

Siderisk månadEndra

Ein siderisk månad er tida det tar for passasjen til månen gjennom timesirkelen til ei stjerne, som er eit fast punkt på himmelen. Denne tida tar 27 dagar, 7 timar, 43 minutt og 12 sekund.

Synodisk månadEndra

Ein synodisk månad er tida for fasevekslinga til månen eller omlaupstida til månen i forhold til timesirkelen gjennom sola. Denne tida er 29 dagar, 12 timar, 44 minutt og 3 sekund.

Tropisk månadEndra

Ein tropisk månad er tida mellom to påfølgjande passasjar av månen gjennom timesirkelen til vårjamdøgnspunktet. Denne tida er 27 dagar, 7 timar, 43 minutt og 5 sekund.

Sjå ògEndra