Månefesten, månefestivalen eller som han vanlegvis blir kalla på kinesisk, midthaustfesten (tradisjonell kinesisk: 中秋節; forenkla kinesisk: 中秋节; pinyin: Zhōngqiūjié, Wade-Giles: Chung ch'iu chieh; kantonesisk: Jūng chāu jit; jyutping: Zung1 cau1 zit³; POJ: Tiong-chhiu-chiat; vietnamesisk: Tết Trung Thu), blir ofte rekna som den nest viktigaste tradisjonelle høgtida i kinesisk kultur etter nyttårsfeiringa. Månefesten fell etter den kinesiske kalenderen på den 15. dagen i den åttande månaden (vanlegvis i slutten av september), ein dag då fullmånen blir sagt å vera på sitt rundaste og klaraste. Festivalen er ein haustfest som tradisjonelt markerte slutten av innhaustingstida og byrjinga av det mørke halvåret, men er også ei familiehøgtid der fullmånen symboliserer eininga og samhaldet til familien.

Dekorasjonar til månefesten i Beijing.
Månekaker, eit kompakt og søtt bakverk som har følgje midthøstfesten i det minste sidan Songdynastiet

Andre namn

endre

I tillegg til midthaustfesten og månefesten er høgtida også kjend under desse namna:

  • Zhongqiufesten
  • Lanternefesten, eit uttrykk som særleg blir nytta i Singapore og Malaysia, men som ikkje må forvekslast med den kinesiske eigentlege lanternefesten som fell på den 15. dag av den fyrste månaden i den kinesiske kalenderen;
  • Foreiningsfesten; og
  • Barnefesten (namnet i Vietnam).

Historie

endre
 
Chang'e flyg til månen. Frå Myths and Legends of China 1922 av E.T.C. Werner.

Offer til månen føregjekk svært tidleg i Kina, og overgangen til det mørke halvåret blei også kopla til læra om dei to grunnelementa yin og yang. Ein festival med bestemd dato voks fram under Tangdynastiet, og frå Songdynastiet og framover kom han til å bli knytt til eit spesielt bakverk, månekake.

Ein kan spora innhaustingsfester under haustleg fullmåne tilbake til Shangdynastiet, men tradisjonane har utvikla seg over tid på grunn av endringar innan teknologi, vitskap, økonomi, kultur og religion.[1] Morris Berkowitz, som studerte hakkafolket i 1960-åra, går ut frå at haustfeiringane opphavleg byrja med tilbeding av guddommane for fjella etter gjennomføringa av innhaustinga.[2] Desse feiringane greip ikkje for alvor om seg før i første delen av tida til Tangdynastiet (618–907 e.Kr).[3][4] Uttrykket midthaust[festen] (中秋) finn ein for fyrste gong skrive ned i Zhouritene.[1][5]

Festen blir i dag feira på liknande vis som under Ming- og Qing-dynastia.

Feiring

endre

Offera til månen har frå lenge sidan nesten falle bort som innslag i festen, men ein et månekaker i tilslutning til ein familiemiddag. Det er også vanleg at ein dreg med venner til ein høgtliggjande stad for å beundra fullmånen. Det finst store lokale variasjonar i feiringane ikkje berre i Kina, men også i andre delar av Aust- og Søraust-Asia der ein markerer høgtida.

Mytar og forteljingar

endre

Den vanlegaste myten knytt til månefesten er den om Chang'e, som drakk ein livseliksir som mannen hennar, meisterskyttaren Hou Yi, hadde fått tak i. Ho sveva så opp til månen for der å leva som månegudinne. Soga finst i fleire versjonar.[6]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Siu, K. W. Michael (1999). «Lanterns of the Mid-Autumn Festival: A Reflection of Hong Kong Cultural Change». The Journal of Popular Culture 33 (2): 67–86. doi:10.1111/j.0022-3840.1999.3302_67.x. Henta 10. november 2012. 
  2. Yu, Jose Vidamor B. (2000). Inculturation of Filipino-Chinese culture mentality. Roma: Pontificia università gregoriana. s. 111–112. ISBN 8876528482. 
  3. Yang, Fang (12. september 2011). «Mid-Autumn Festival and its traditions». Xinhua News Agency. Henta 12. september 2011. «The festival, celebrated on the 15th day of the eighth month in the Chinese calendar, has no fixed date on the Western calendar, but the day always coincides with a full moon. It is also known as the Moon Festival. Descriptions of "Mid-Autumn" first appeared in "Rites of the Zhou," a collection of ritual matters of the Western Zhou Dynasty 3,000 years ago. It described the eighth lunar month, the second month of autumn, as "mid autumn." The Chinese began celebrating the Mid-Autumn Festival in the early Tang Dynasty (618-907), a period of material abundance and cultural blossoming.» 
  4. Siu, K. W. Michael (1999). «Lanterns of the Mid-Autumn Festival: A Reflection of Hong Kong Cultural Change». The Journal of Popular Culture 33 (2): 67–86. doi:10.1111/j.0022-3840.1999.3302_67.x. Henta 10. november 2012. 
  5. Yang, Fang (12. september 2011). «Mid-Autumn Festival and its traditions». Xinhua News Agency. Henta 12. september 2011. «The festival, celebrated on the 15th day of the eighth month in the Chinese calendar, has no fixed date on the Western calendar, but the day always coincides with a full moon. It is also known as the Moon Festival. Descriptions of "Mid-Autumn" first appeared in "Rites of the Zhou," a collection of ritual matters of the Western Zhou Dynasty 3,000 years ago. It described the eighth lunar month, the second month of autumn, as "mid autumn." The Chinese began celebrating the Mid-Autumn Festival in the early Tang Dynasty (618-907), a period of material abundance and cultural blossoming.» 
  6. Yang, Lihui; An, Deming; Anderson Turner, Jessica (2008). Handbook of Chinese Mythology. Oxford University Press. ISBN 9780195332636. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Månefest