Måren ferjekai
Måren låg lageleg til i Sognefjorden og var eit viktig skysskifte for bygdene rundt då dampskipruta kom i 1858, men statusen som fast stoppestad vara ikkje lenge. Uti 1950-åra hadde staden berre samband med mjølkeruta Bjordal-Ortnevik-Høyanger fem gonger i veka, og det var ikkje før på 1970-talet det vart bygd høveleg ferjekai for bilførande ferjer. Med dette vart Måren eit stopp på Kongsnes-Nordeide til sambandet vart nedlagt i 1982, og påfølgjande eit stopp på sambandet Svartemyr-Nordeide til det òg vart nedlagt ti år seinare. Frå 1992 er det sambandet Ortnevik-Nordeide som har stopp på Måren.
Måren ferjekai | |||
Kategori | Ferjekai | ||
---|---|---|---|
Underkategori | Enkel kai | ||
Opna | 1970-åra | ||
Som del av | Kongsnes-Måren-Nordeide | ||
Stad | Måren | ||
Kommune | Høyanger kommune | ||
Fylke | Vestland | ||
No del av | Ortnevik-Måren-Nordeide | ||
Måren ferjekai 61°08′58″N 6°04′30″E / 61.149336829097°N 6.0750189154446°E |
Bakgrunnsstoff
endre Denne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.