Måren
Måren er ei veglaus grend i Høyanger kommune i Ytre Sogn. I 2023 er det ingen fastbuande i bygda. M/S Tansøy går i rute til Måren ferjekai frå både Ortnevik og Nordeide. Det er eit tjuetals hytter i grenda som blir nytta som fritidsbustader om sommaren.
Måren | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Høyanger kommune | ||
Folketal | 0 (2023) | ||
Postnummer | 6993 | ||
Ferdselsårer | Nordeide-Måren-Ortnevik | ||
Måren 61°09′20″N 6°04′44″E / 61.15547612949°N 6.0787932762845°E |
Historie
endreMåren var ein sentral plass i den tida fjorden var den viktigaste ferdselsåra, og difor busette fleire folk seg der. Før industribygginga i Høyanger i 1916 budde det fleire folk i Måren enn det som den gongen heitte Høyangsfjorden som no er kommunesenteret.
I 1808 oppførte den bergenske presen Michael S Tuchsen det praktfulle hovudhuset på kapteinsgarden i Måren.
I 1969 budde det 40 menneske i Måren. Idag er det ingen fastbuande igjen i grenda. Det var skulehus med elevar i Måren fram til 1977.[1]
Attraksjonar
endre- Måredalen - Jakt og friluftsområde
- Kapteinsgarden - over 100 år gammalt hovudhus med hage
- Måren Kraftverk oppført i 2010.
Kjelder
endre- ↑ Stølen, Kjell Arvid (4. juni 2016), «Bli med til livet i veglause Måren i 1969», NRK, henta 25. juli 2023