Mónika
- Denne artikkelen handlar om songen. For kvinnenamnet, sjå Monika.
«Mónika» (gresk «Μόνικα») er ein song av Island. Songen er skriven av Dóros Georgiádis og Monika Mickutė.
«Mónika» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 1981 | |||||
Land | Kypros | ||||
Artist(ar) | Aléxia Vassilíou, Areti Kassapi Haralbidou, Aristos Moskovakis, Roger Lee og Dóros Georgiádis | ||||
Alias | Island | ||||
Språk | Gresk | ||||
Komponist(ar) | Dóros Georgiádis | ||||
Låtskrivar(ar) | Monika Mickutė | ||||
Resultat | |||||
Finalepoeng | 69 | ||||
Finaleplass | 6 | ||||
Kypros i Eurovision Song Contest | |||||
|
Eurovision
endreRadiofonikó Ídrima Kýprou hadde ei intern uttaking der dei valde ut bidraget som representerte Kypros i Eurovision Song Contest 1981 i Dublin i Irland.[1] Bidraget vart «Mónika», skrive av Dóros Georgiádis og Monika Mickutė, og framført på gresk av Island. Gruppa vart sett saman spesielt til Eurovision Song Contest 1981, og medlemmene var Aléxia Vassilíou, Areti Kassapi Haralbidou, Aristos Moskovakis, Roger Lee og Dóros Georgiádis. I finalen enda Kypros på sjetteplass med 69 poeng; tolv frå Hellas, ti frå Storbritannia, åtte frå Nederland og Irland, sju frå Noreg og Belgia, seks frå Jugoslavia, fem frå Israel og tre frå Danmark og Sveits. Dette var fyrste året landet deltok i Eurovision Song Contest samt ein av dei beste plasseringane landet har fått fram til i dag.
Fotnotar
endre- ↑ «Chipre Eurovisión 1981» (på spansk). eurovision-spain.com. Henta 16. april 2014.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Monika» frå Wikipedia på engelsk, den 16. april 2014.