Møringsbåt var ein bruksbåttype som vart utvikla og teken i bruk på Sunnmøre kring 1870.

Då fiskarar frå Vest- og delvis Sørlandet var med på silde- og torskefiske nord om Stad på slutten av 1860-åra, såg sunnmørske fiskarar at båtane lenger sør ifrå hadde visse føremunar. Særleg var dei mykje betre å krysse med i trange farvatn.

Det er Sivert Halkjelsvik frå Volda som saman med båtbyggjarar frå Bjørkedalen har fått æra av å stå bak den nye båten. Den første båten, som stod ferdig i 1869, fekk namnet «Møringen». Ut frå denne båten fekk båttypen namnet sitt.

Samanlikna med den tidlegare sunnmørske båttypen, snedbetningen, var møringane djupare og breiare. Det gamle asymmetriske råseglet vart bytt med gaffel- eller marine segl. Dei største, på opp mot 50 fot, fekk to master. Dei var rigga med storsegl, fokk, klyver og mesan. Ein betre seglbåt, men han var tyngre å ro. Bordgangane var heile frå stamn til stamn. Samanlikna med snebetningen, med sine skøytte bord, vart den nye båten kalla beingangar.

Kjelder endre