Asymmetrisk råsegl

Eit asymmetrisk råsegl eller lårsegl er eit firskore sneisegl med lutande framlik, bratt atterlik og skråstilt . Visuelt sett minner asymmetriske råsegl om ei samansauma utgåve av gaffelsegl og fokk. Seglet liknar på eit moderne genuasegl, både i utsjånad og brukseigenskap. I Noreg blir asymmetriske segl tradisjonelt bruka på nordvestlandsbåtar, og da særleg på nordfjordbåtar, snedbetningar og geitbåtar.

Geitbåtfæring med asymmetrisk råsegl.
Foto: Olve Utne

UtbreiingEndra

 
Hans Strøm har teikna både priar og handsyfte i dette asymmetriske seglet. Det er syfteband for reving høgt i seglet.

Det er uråd å vite kor gamalt det asymmmetriske råseglet er. Eldste dokumentasjon er Hans Strøm si teikning av eit fjørefar frå 1762.[1] Det vart truleg teke i bruk på Sunnmøre før 1700, og på Nordmøre før 1800.[2] Sør om Stad kom det i bruk seinare. Det heiter at kring 1850 lærde sunnmøringar folk i Solund å sy asymmetriske råsegl.[3] Dei første segla ein kjenner til var laga av hamp. Før det hadde ein truleg asymmetriske råsegl av ull. Seinare vart seglduk av bomull det vanlegaste materialet. Det vart og laga segl av lin.

Det har vorte brukt ulike namn på dette seglet. Lårsegl er ei nemning frå Nordmøre[4]. Vanlegaste nemninga her var geitbåtsegl. På Sunnmøre sa ein sunnmørssegl. Båtar som førte dette seglet vart kalla einsiglarar. Dette for å skilje dei frå gaffelsegl, sjassesegl og sprisegl, som hadde to eller fleire segl. Båtar med sunnmørssegl kunne og verte kalla flatbrennarar. Truleg kjem dette namnet av at seglet liknar på veiken i ein flatbrennar oljelampe.

Sist på 1800-talet vart det asymmetriske råseglet utkonkurrert av gaffelseglet. Båtar sørfrå kom på fiske nordover langs kysten. Fiskarane såg fordelar med gaffelseglet. Særleg var det betre i kryssing i tronge farvatn og i sterk vind. Overgangen var mest merkbar på Sunnmøre. I tillegg til nytt segl vart og ein ny båttype, møringen, teken i bruk. Kring 1900 var det slutt på bruken av asymmetrisk råsegl der. På Nordmøre og i Nordfjord var det og skifte, men her vart det gamle seglet brukt noko lenger.[5]

RiggenEndra

Til det asymmetriske råseglet vert det brukt ei pålemast, der stag og vant er festa i mastetoppen. Vanta vert festa med vantneler, som gjer det enkelt å løyse, regulere og feste vantet. Under bruk bør masta halle noko bakover, opp til 15°[6]. I mastetoppen, like under stag og vant, går draget, andre stader kalla fallet, gjennom eit hol i masta. Draget vert brukt til å heise seglet. Holet i masta vert kalla hornbore, fordi det vart innfelt eit horn eller eit stykke hardved som draget kunne gli på. I hornbora kunne òg verte innsett ei roterande skive. Når seglet var oppe vart enden av draget fest med sleppstikk i ein nagle, varnaglen, i underkant av æsinga.

OppbyggingEndra

Som namnet seier er det asymmetriske råseglet skeivskore. Den spisse sida vender fram i båten. Den loddrette vender bak. Sør om Stad og på Sunnmøre er seglet sydd av dukar som smalnar opp. Kvar duklengd vert skråskoren på langs. Når seglet vert sydd vender den breie enden ned på alle dukbanene. Segl med skråskorne dukar vert kalla snidsegl. På Nordmøre vert det brukt udelte dukar. Dei står vertikalt. Framme ved halsen vert segldukstykka kortare. På dei største segla vart det sydd med dubbel saum. Kring det meste av seglet var det påsydd eit kraftig lik. Eit stykke i bakkant er gjerne ulika. I overkant er seglet festa til ei kort . På seglet er det festa råband. Dei går gjennom hol i råa, eller rundt henne. I tillegg vert seglet gjerne festa ved at lykkjer i segløyra vert tredd gjennom rånokkane og låst med hardvedskilar.[7] Eine enden av draget vert festa til råa med ein knute. Rakken er og fest med eine enden til råa. I bakre rånokk er hol for ein bras.

HalsenEndra

 
Feste for seglet på ein sunnmørsbåt.
Foto: Andreas Vartdal
 
Hånke. Trekause festa til framliket for å kunne stramme halsen
Foto: Andreas Vartdal

Lengda på seglet varierer noko i ulike distrikt der ein brukte dette seglet. Mange segl nådde ikkje heilt i stamnen. Både på Nordmøre og i Nordfjord var mange segl ein del kortare. Det varierer og korleis halsen vert fest. Dei aller fleste asymmetriske segla har ei rad trekausar festa oppover framliket. Dei vert kalla hånkane. Geitbåtane har mange hånkar. Seglet kan strammast ved å sette eit signat, penta, festa mellom ein av hånkane og ein kjeng på innsida av stamnen

Sunnmørsseglet går heilt i stamnen og vert festa der. Ei halsline går gjennom ein treholk, ei alke, som er vert festa i ein krok, pentekroken, i forkant av stamnen. Så går halslina gjennom den nedste av hånkane i forliket, i ei bukt fram om stamnen, der det er utskore hakk for lina, og vidare til neste hånke. Om det er sterk vind, eller ser ut til å verte det, trer ein halslina i fleire hånkar. Den lange tida sunnmørsseglet var ute av bruk gjer at ein del kunnskap om feste av halsen har gått tapt.

 
Feste for seglet på ein nordfjordsbåt
Foto: Andreas Vartdal

Sør om Stad vert segløyret festa i stamnen eller i framkjempa, det øvste bordet. Det vert brukt halseline, her kalla dosline, til å stramme seglet. I segløyret er doshovudet (doshaudet), festa i ei lykkje i seglet. Det er ei blokk, utan skiver, laga av hard ved, oftast bjørk. Ho har like mange hol som talet på hånkar. Doslina er tredd gjennom doshovudet og hånkane. Når doshovudet er fest til ripa eller stamnen, kan seglet strammast. For at doslina skal gli lett, vert ho smurd med talg. I Sunnfjord har det vorte registrert skinnkledde lykkjer istaden for trehånkar.

 
Liner som skal gli lett vert smurde med talg
Foto: Andreas Vartdal

KabbenEndra

 
Kabbe teikna av Hans Strøm i 1762, og ein laga i 1878

I underkant er seglet litt sidare på midten. Det gjer at det fylgjer ripa betre. I underliket er kabben festa. Det er ein hanefot, kabbekloa, med tre partar festa i liket og ein lang som kan regulerast under seglasen. Han er oftast fast i masta. Lengda på partane i kabbekloa vert regulerte med ei trealke som partane glir gjennom. Kabben har og vorte kalla priar[8] og Unn-kabbe[9].

SkautetEndra

Utforming av skautet varierer noko etter båtstorleik. På små båtar er det vanleg med eit enkelt skaut frå segløyret bak til styrmannen. På større båtar med enkelt skaut kan det gå gjennom eit seglhol i ripa i le, eller bak om æsingsporen. Ette gjorde presset frå seglet mindre. På større båtar kunne skautet vere tillaga som ein enkel talje. På bakliket, eit stykke over segløyret, er ein kause til å feste skautet i ved reving.

SyftebandEndra

Ved reving vert syfteband knytt kring ein del av seglet, slik at seglflata vert mindre. Syftebandet er eit snøre som er fast gjennom seglet, slik at det heng ned på båe sider. Det er vanleg med ei rad syfteband noko over underliket. Ved reving vert seglet samanvalka opp til syftebanda, som så vert samanknytt under. Store segl kan ha fleire rader med syfteband. Det kan og vere syfteband øvst i store segl. Dei vert knytte over råa ved reving. Når ein revar i overkant vert ikkje seglet så smalt, noko som er ein fordel under kryssing.

PriarEndra

 
Enkelt handsyfte
Foto: Andreas Vartdal

Asymmetriske råsegl av ein viss storleik vert utstyrt med ein eller fleire priarar. Det er tog som er feste i seglflata, og som mannskapet brukar under seglasen til å redusere vindpresset mot seglet. Priarar kan ha ulik utforming. Hans Strøm skil mellom priar og handsyfte.[10]. Det han kallar priar har størst effekt. Små treblokker er festa i nat på seglet. Gjennom dei går ei line. Ho er festa i seglet.Den andre enden går til ein av mannskapet i båten. Når han rykkjer i lina, snurpar noko av seglduken seg saman. Handsyftet er enklare konstruert. Ein enkel hanefot er fest i seglet, og effekten vert mindre. Etter Strøm si tid utvikla handsyfte seg til å verte meir effektivt. Sør om Stad vart det brukt både priar og handsyfte.[11] På Sunnmøre har handsyfte vorte brukt mest ute i øyane, medan den som segla i fjordane og brukte priar. På Nordmøre var priaren enkel. Det har vore brukt opp til tre priarar på største båtane.

Seglet i brukEndra

 
Kløfta til høgre vart tredd ned på ripa. Halsen vart fest i enden til venstre.

Det asymmetriske råseglet er særleg eigna for bidevind-seglas over lange strekningar. Fiskarar på nordvestlandet har ofte hatt fiskeplassane langt til havs. Hovudvindretningane er ofte lang kysten, sørvest og nordaust. Då vert det lange strekningar på same hals. Båtar med asymmetrisk segl har gått høgt mot vinden. Hals, skaut og kabbe vert hardt stramma. Ved romare vind vert dei slakka. Når vinden kjem meir bakfrå, vert seglet tverrstilt. Dette vart gjort på ulike måtar etter utforming av halsen. På Nordmøre og i Nordfjord vart det brukt seglstikke eller spøte, som vart sett i ulike hol i kjempa, det øvre bordet. På Sunnmøre er det ikkje spor etter bruk av seglstikke. Hans Strøm viser til ei bøygd trekløft, årskjøna.[12] Ho vart brukt til å spri ut seglet, i svak vind. Kløfta vart sett ned på ripa, og halsen på seglet vart fest i enden som nådde ut om ripa. Det kan sjå ut som årskjøna gjekk or bruk tidleg på 1800-talet.

Seglet går bak på le side av mast og vant. Skautet vert festa på le side.

VendingEndra

Det asymmetriske seglet må takast ned, og heisast på andre sida, når båten skal vende. Sjølv om det oftast går greit å stagvende med asymmetrisk råsegl, er det ikkje uvanleg å hjelpe til med årane. I det seglet vert firt, vert skautet og bakseglet bore rundt masta og bak på andre sida, utom vanta. Om det bles så hardt at rakken er påsett, vert han løyst, råa snudd, og rakken festa att. Halsen vert løyst for at det skal gå lettare å få seglet godt opp. Når skautet er gjort fast på den nye lesida, vert seglet heist på nytt. Halsen og kabben vert stramma og regulert. Det har delvis vorte praktisert å halle masta mot vinden. Dette for å motverke tapet av seglflate når båten hallar av vindpresset. Om dette vart gjort, måtte masta hallast til andre sida ved vending. Det vart òg delvis brukt å flytte ein del av ballaststeinen over på andre sida for å halde båten rettare.

Denne måten å vende på har gitt det asymmetriske råseglet ord for å vere tungvint.[13] Godt samarbeidd mannskap kan forkorte tidsbruken munaleg. Samanlikna med vanleg råsegl kan det asymmetriske vere like effektivt.[13] Med gaffelrigg var stagvending mykje enklare, særleg i hard vind og tronge farvatn.[14]

Segling i sterk vindEndra

Ein av farane ved segling i hard vind er at båten kan møte ei båre så hardt at han vert skada. Difor må fart kunne reduserast snøgt. På kommando vert skautet slakka, samstundes som det vert drege hardt i priar/handsyfte. Då misser vinden krafta i seglet. Dette vert og gjort når båten får ein hard vindrykk. Slakkar ein berre på skautet, vert frammseglet halde på plass av kabben og verkar som ei fokke.

Ein annan fare er å få baksegl. Det vil seie å få vinden inn frå andre sida, slik at seglet vert pressa inn til masta. Om då masta er lagd frå seglet, og ballast er trimma mot vinden, kan det oppstå ein farleg sitasjon. Ripa vert pressa ned og båten kan verte fylt med vatn.

KjelderEndra

  • Øystein Ormbostad: «-enda ei hymne til havet -» i tidsskriftet KYSTEN nr 4. 1982
  • Hans Strøm: Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmøer, beliggende i Bergens Stift i Norge. 1-2 Part.. Sorøe 1762-66.
  • Hans Strøm:Annotations Boog over de Merkværdigheder som udi Syndmørs Fogderie forefindes indrette[t] Anno 1756. Volda 1997
  • Daniel Liset: Sunnmørs-åttringen i Tidskrift for Sunnmøre historiske lag 1911
  • Bernhard Færøyvik : Sunnmørsåttringen Bergen Sjøfartsmuseum Årshefte 1935
  • Bernhard Færøyvik: Inshore Crafts of Norway. (Arne Emil Christensen red.) Grøndahl 1979 (ISBN 82-504-0373-8)
  • Øystein Færøyvik: Vestlandsbåtar Frå oselvar til sunnmørsåttring Grøndahl & Søn 1987 (ISBN 82-504-0857-8)
  • Paul Moltu : Fiskarsoga Ålesund 1932
  • Håvard H. Hatløy: Snidsegl til seksring, Ebbebåten i Syft og Skaut 2008
  • Atle Døssland: Havfiskefloten i Møre og Romsdal og Trøndelag. Bind 1. Mot fjernare farvatn Trondheim 2006
  • Carl Frederik Diriks: «Om de forskjellige Slags Baade i Norge» i Folkevennen 1863
  • Sivert Hansen Halkjelsvig: Om den nye Søndmørsbaads tilblivelse i Tidskrift for Sunnmøre historiske lag 1999
  • Sunnmøre Museum: Kompendium Råseglseminaret 2003
  • Christian Rekkedal : Stort arbeid ned er lagt Oslo 1947
  • Hans Gjeitvik: Bondeliv på Sunnmøre I begynnelsen av det forrige Århundre. Volda 1926
  • Bjarne Rabben Folk ved havet I Fiskarsoga for Sunnmøre og Romsdal 1982 ISBN 82-990938-0-5
  • Johannes Ristesund: Barndomsminne Stavanger 1944
  • Jonas Lie Søndmørs-Ottringen i Fortællinger og Skildringer fra Norge 1872
  • N.J. Gregersen: Fortællinger og skisser Kristianina 1886

FotnotarEndra

  1. Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmøer
  2. Ø.Ormbostad s 23
  3. Ø. Færøyvik Vestlandsbåtar s 116
  4. Færøyvik Vestlandsbåtar
  5. A. Døssland s. 60
  6. D. Liset 1911
  7. H. Hatløy
  8. Færøyvik Vestlandsbåtar
  9. Ormbostad
  10. Hans Strøm 1762
  11. Færøyvik. Vestlandsbåtar
  12. H. Strøm 1762. Ivar Aasen skriv åskjøne i Norsk Ordbok
  13. 13,0 13,1 Ø. Ormbostad
  14. S. H. Halkjelsvig