Mørsvikfjorden

fjord i Sørfold og Steigen i Nordland

67°46′52″N 15°28′01″E / 67.781°N 15.467°E / 67.781; 15.467

Flyfoto av Mørsvikfjorden (til høgre) sett frå aust om vinteren
Foto: Erlend Bjørtvedt

Mørsvikfjorden (samisk Murggosvuotna) er ein fjordarm av Nordfolda i Sørfold og Steigen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 18 km søraustover til Storeidet i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Prestberget i nord og Kobblåtran i sør. Grenda Hopen ligg på nordsida av fjorden ved Petterbuvika. Den inste delen av fjorden heiter Mørsvikbotn (samisk Murggosvuotna) og her ligg grendene Storeidet og Elenjorda. E6 og Fv613 går langs Mørsvikbotn.